Kommentar

Alt roleg i Iran – enno ei stund

Valdsapparatet i Iran ser ut til å gå av med sigeren, denne gongen også. Protestane mot regimet er slegne ned, som dei blei i 1999, 2003 og 2009.

Publisert

Det teiknar seg eit mønster: Med nokre års mellomrom bryt det ut protestar rundt i Iran. Folk går ut på gatene, som no like før og etter nyttår. Etter ei stund dukkar tryggleiksstyrkane opp og slår protestane ned. Eit ukjent tal, for det meste unge menneske, forsvinn inn i dei iranske fengsla. Mange blir torturerte på bestialsk vis. Nokre blir avretta. Dei som regimet tek livet av, blir dømde for ikkje noko mindre enn «opprør mot Allah».

Kvar gong det er protestar, er det alltid nokon som er så sinte at dei set livet på spel for å syna kva dei meiner. Andre deltek i ein demonstrasjon eller to, og lèt det vera med det.

På kort sikt har desse protestane lita von om å lukkast. Leiinga i staten er viljug til å bruka så mykje makt som må til for å slå protestane ned. Dette er blitt tydeleg demonstrert kvar gong det har vore uro dei siste åra. Sett frå den synsvinkelen kan det verke som regimet i Iran er grunnleggjande stabilt.

Mange kjennarar av Iran peikar på éin viktig faktor som garanterer for denne stabiliteten: I Vesten snakkar me ofte om Iran som eit «presteregime», og det var kanskje rett dei fyrste åra etter omveltinga i 1979. I dag er det i mykje større grad snakk om at Iran er eit klassisk militærdiktatur, der det er Revolusjonsgarden som sit med den reelle makta. Denne garden er skreddarsydd til å gjera det han skal: Styrken er rett nok ikkje på meir enn om lag 150.000 mann, men alle medlemmene er topp ideologisk skolerte, dei er veltrena, og dei sit på kompetanse til å styra både dei sivile og dei militære sektorane av samfunnet.

Garden og militsen

Når ein kjem til Iran, kan ein heile tida kjenna makta og innverknaden til revolusjonsgardistane. Dei vaktar dei strategisk viktige farvatna utanfor Iran, dei har hand om den mest avanserte delen av forsvaret og leiar sjølvsagt det iranske rakettprogrammet. Over det iranske statsbudsjettet får ikkje Revolusjonsgarden meir enn om lag sju milliardar dollar, men ei omfattande forretningsverksemd syter for at det verkelege budsjettet til garden er mange gonger større. Når ein skal banka opp demonstrantar i gatene og utføra anna skittent arbeid, gjer ikkje Revolusjonsgarden slikt sjølv. Til det har dei Basidsj-militsen med om lag ein million kvinner og menn.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement