Musikk

Sanseleg iscenesetjing

Regissøren Netia Jones har laga scenedrama av Händels abstrakte Messias.

Georg Friedrich Händels (1685–1759) oratorium Messias blei spela fire gonger på Den Nasjonale Scene under Festspillene.
Georg Friedrich Händels (1685–1759) oratorium Messias blei spela fire gonger på Den Nasjonale Scene under Festspillene.

Konsert

Georg Friedrich Händel:

Messias

Barokksolistene; Edvard Grieg Kor; Cathedra; Netia Jones, regi, design og video; musikalsk leiar: Bjarte Eike. Den Nasjonale Scene, laurdag 3. juni.

Messias er Händels mest populære oratorium, sjølv om det er eit av dei mest abstrakte verka hans. Teksten er nemleg sett saman på underleg vis av Händels eksentriske librettist Charles Jennens, med utdrag av King James-versjonen av Bibelen og den anglikanske Book of Common Prayer. Til skilnad frå Händels operaar er ikkje oratoria sceniske verk – dei blei laga for å verta framførte konsertant, altså utan kostyme eller skodespel på scena.

Videokunst

Dette har Festspillene og Bergen Nasjonale Opera endra på i produksjonen som hadde premiere på Den Nasjonale Scene onsdag førre veke. Den britiske regissøren Netia Jones har greidd å omforma oratoriet til eit givande scenedrama, med tenoren (Pierre Derhet) som forkynnande anglikansk prest, mezzosopranen (Renata Pokupic) som ottesam mor med sjukt barn, sopranen (Kateryna Kasper) som plettfri engel, og bassen (Callum Thorpe) som tornande domedagsprofet. Videokunsten hennar – for tida skal nemleg alt gjerast med videokunst – var heller ikkje forstyrrande.

Mest imponerte bassolisten. Ikkje berre var han den beste skodespelaren, han kombinerte òg ei bivrande djupn med eit lyrisk øvre register i røysta. Sopranen presterte òg sterkt, både musikalsk – ornamentikken var utsøkt – og av di ho framførte ariane med finslege, grundig innstuderte barokke gestusar av typen me kjenner frå 1700-tals portrettmålarstykke.

Kraftige kor

I den smale tarmen av ei orkestergrav sat Barokksolistene, eit norsk originalinstrumentensemble der særleg continuo-seksjonen (basseksjonen) heldt eit høgt internasjonalt nivå. I dei langsame og lydleg svake ariane hende det at fiolinane intonerte litt surt og usikkert. Men dei massive fortissimo-partia i korsatsane, til dømes i det kjende «Hallelujakoret» i slutten av andre akta, har eg sjeldan høyrt betre framført på konsert.