Zuckerbergs tur til Washington var klassisk science fictionSnow CrashEg slutta å lese science fiction då eg vart 17. Eg tenkte at å lese historie ville gje meg betre innsikt i framtida. Problemet med sci-fi er at han alltid føreseier ti av dei tre neste te
Snow Crash, favorittromanen til technonerdane, viser korleis dei forvirrar lovgjevarane.
Facebook-sjef Mark Zuckerberg klar til høyringa i Senatet i førre veke.
Foto: Aaron Bernstein / Reuters / NTB scanpix
Eg slutta å lese science fiction då eg vart 17. Eg tenkte at å lese historie ville gje meg betre innsikt i framtida. Problemet med sci-fi er at han alltid føreseier ti av dei tre neste teknologiske nyvinningane. Framtida er aldri så sprø i røynda som ho er i sci-fi. Likevel var det ein brest i strategien min. Dersom framtida faktisk vert skapt av sci-fi-lesarar, kan fåkunne om sjangeren vere ein lagnadstung blind flekk.
For nokre få veker sidan åt eg middag i San Francisco saman med ein flokk talentfulle krypto-ungdomar. Krypto er her forkorting for kryptovaluta, som er den best kjende bruken av blokkjedeteknologien. Den mest namngjetne kryptovalutaen er bitcoin. Krypto er den kule greia i dag. Dei kule folka som var i Facebook då Facebook var kul, og som før det var i Google då Google var kul, er no inne i krypto.
Eg freista å styre samtalen vekk frå blokkjede og mot den ukule komfortsona mi, og spurde om kryptofolk framleis les bøker. Ja, sjølvsagt, men for det meste science fiction. Som til dømes? Vel, det er sjølvsagt Snow Cash, svara verten min, i ein tone som eg ein gong kunne ha nytta og sagt: «Vel, Trifidene kjem, sjølvsagt» – eller Fahrenheit 451 eller A Clockwork Orange, som var min favoritt-sci-fi då eg var gutunge.
Eg hadde aldri høyrt om Snow Crash, ettersom boka kom ut i 1992, lenge etter at eg droppa sci-fi. Det syner seg at romanen – av den amerikanske forfattaren Neal Stephenson – ein gong var obligatorisk lesnad for nye Facebook-rekruttar. No har eg lese boka. Det burde du òg gjere. Og det burde alle desse senatorane og dei frå Representanthuset som kasta bort to dagar for to veker sidan med å stille Mark Zuckerberg spørsmål som anten var for lette for han å svare på eller for lette å smyge seg unna.
Handlinga i Snow Crash er lagd til ei uspesifisert, men ikkje altfor fjern framtid, kan hende sånn omtrent no, over eit kvart hundreår etter utgjevinga. Til liks med all sci-fi er det mange av spådomane det ikkje har blitt noko av (du gissa det: flygande bilar – dei ventar vi framleis på). Men ein uvanleg stor del har blitt noko av.
Det er to verder: røyndomen og Metaverset. Røyndomen er eit balkanisert USA i forfall, eit land der den føderale regjeringa har overlate mykje av makta til selskap, utanlandske interesser («Mr. Lees Stor-Hongkong») og organisert kriminalitet. Dei rike bur i vel vakta burbclaves (suburban enclaves, forstadsenklavar, red. merk.). Dei fattige bur i konteinarar. Dei privatiserte hovudvegane er så tilstoppa av trafikk at cyberpunkarar på rullebrett må syte for levering av varer. Alle er væpna til tennene. Det er til og med ein rollefigur som har ein atomtorpedo i sidevogna på Harley-Davidsonen sin.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.