Ytringsfridomen er truga i Spania

Spania har fått ei lov som hevdar ho skal taka vare på tryggleiken til borgarane. Ein ny rapport frå Amnesty meiner lova gjer at ytringsfridomen til spanjolane står i fare.

Publisert Sist oppdatert

Ein million nordmenn vitjar Spania kvart år. Jamvel om landet synest å vera eit pastellfarga paradis mellom det turkisblå havet og den mørkeraude raudvinen, bør ein verkeleg hugsa på å ikkje koma i skade for å brenna det spanske flagget, jamvel om det i 2008 vart lov å gjera slikt her heime i Noreg.

Gjer ein noko slikt i Spania, kan ein reisa heim att med ei bot på 30.000 euro, seier lova som regjeringa hevdar skal taka vare på «tryggleiken til borgarane».

Det byrja med finanskrisa. Spania var mellom dei landa som vart råka hardast, og som reaksjon på økonomiske innstramingar og ei arbeidsløyse på 27 prosent har tusen på tusen av spanjolar teke til gatene for å demonstrera mot det mange meiner har vore ei lite gjennomsynleg offentleg handsaming av krisa, mot økonomisk ulikskap i landet, mot fattigdomen, mot troikaen EU-kommisjonen, IMF og den europeiske sentralbanken ESB, for ikkje å seia mot regjeringa.

Etter tal frå spanske styremakter var det meir enn 14.700 demonstrasjonar i spanske gater i 2012. Berre i Madrid var det 3419 slike demonstrasjonar; i 2013 var det 4354.

Økonomane og sosiologane talar om ein tapt generasjon: I fjor var heile 56 prosent av dei unge mellom 15 og 30 år arbeidslause i Spania. Er det noko dei unge har, er det tid og vilje til å demonstrera.

Dei fleste protestane har gått fredeleg føre seg, men ikkje alle. Tidlegare i år vart til dømes 101 menneske skadde i ein demonstrasjon i Madrid, 67 av dei var politimenn. 29 menneske vart arresterte.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement