Politikk

Ytre høgre-dronninga

TRIESTE: Det var her i byen partileiar for Brør av Italia, Giorgia Meloni, henta eit neofascistisk symbol inn i partilogoen. Etter valet sundag kan ho som fyrste italienske kvinne verta statsminister.

Ho reknar seg som korkje feminist eller fascist, Giorgia Meloni, leiar for ytre høgre-partiet Brør av Italia, her på eit valmøte i Milano 11. september.
Ho reknar seg som korkje feminist eller fascist, Giorgia Meloni, leiar for ytre høgre-partiet Brør av Italia, her på eit valmøte i Milano 11. september.
Publisert Sist oppdatert

– Kva tenkjer du om at de no ser ut til å få ein kvinneleg statsminister for fyrste gong? I Noreg fekk me det for meir enn førti år sidan. Er du ikkje glad?

Nei, dei krympar seg og ser ein annan veg, dei italienske kvinnene eg pratar med – ho som driv ein bokhandel med historisk litteratur, og ho som er med og arrangerer den store havforskingskonferansen i Trieste.

– Berre namnet hennar, forklårar ei som ikkje veit at eg har budd i Italia og at ordet er likeins på norsk, do you know what it means? Watermelons!

Kvifor er det så mange italienske kvinner som ikkje ynskjer ei kvinne velkomen som statsminister? Av di fleire ser på henne som fascist, stundom mildna av førestavingar som neo- eller post-.

Andre ser ein feminist i jenta frå eit av Romas arbeidarklassestrok som 15 år gamal skilde seg ut og vart politisk aktiv, partileiar og no truleg statsminister.

Meloni sjølv mislikar båe karakteristikkane.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement