JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

Samfunn
Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
1985
20181019
1985
20181019

Yahya Hassan dømd

Den danske poeten Yahya Hassan sa seg i går skuldig i alle dei 42 lovbrota han var tiltalt for, mellom anna vald, truslar, sedskapsbrotsverk, hærverk og køyring i påverka tilstand. Han vart dømd til psykiatrisk behandling på ubestemt tid. Det skriv danske Politiken, som var til stades i retten i Aarhus.

Lovbrota skal ifølgje informasjon Lokalavisen Aarhus har fått innsyn i, vere gjorde mellom 2015 og 2018, og Hassan har sete varetektsfengsla på psykiatrisk avdeling i Aarhus sidan 16. juli i år.

Hassan debuterte i 2013 med diktsamlinga Yahya Hassan, som handla om ein oppvekst med vald, svik og kriminalitet. Diktsamlinga vart raskt ein bestseljar, med eit opplag på meir enn 120.000.

Hassan er tidlegare dømd til fengsel for å ha avfyrt skot og råka ein 17-åring i foten.

Trump vil ut av postsamarbeid

Det kvite hus har denne veka varsla at USA kan vilje trekkje seg ut av Verdspostforeininga (UPU), ein særorganisasjon innan FN, danna for å utvikle posttenester mellom land. Ifølgje Politiken inneber avgjerda at USA går frå ein traktat som sikrar lågare gebyr for utanlandske posttenester for levering til kundar i USA. Det kvite hus meiner Verdspostforeininga og traktaten har ført til at utanlandske posttenester har utkonkurrert amerikanske selskap. Som døme skal små pakkar frå Kina vere mellom 40 og 70 prosent billigare å sende gjennom UPUs avtalar enn om dei skulle sendast internt i USA.

Kugalskap oppdaga i Skottland

Den skotske regjeringa har opplyst at det er registrert kugalskap på ein gard nær byen Aberdeen. Det melder BBC.

Sjukdomen vart oppdaga gjennom rutinemessige testar etter at ei ku på garden døydde. Det er innført karantenesone rundt garden og vert no gjort fleire testar for å finne ut kvar smitten kjem frå.

Den døyelege sjukdomen går til åtak på hjernen hjå storfe og medfører endra åtferd og gradvis tap av koordinasjonsevne hjå dyret. Det er fyrste gong på ti år at det vert påvist kugalskap i Skottland.

eva@dagogtid.no

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Emneknaggar

Fleire artiklar

Forfattar Karin Haugane arbeider også som omsetjar.

Foto: Catharina Caprino

BokMeldingar

Draum og traume

Karin Haugane skriv dikt med ein særeigen mytisk og forheksande dåm over seg.

Sindre Ekrheim

Det oppstår misvisande biletet av at covid-19 forårsakar Alzheimer, meiner Preben Aavitsland ve FHI.

Foto: Erik Johansen / NTB

Ordskifte
PrebenAavitsland

Meir om seinfølgjer

Den årlege rapporten FHI har publisert, syner at dødeligheita blant personar under 40 år har vore nokså stabil sidan 2015.

Gukesh kan verta den klart yngste verdsmeisteren i historia. Carlsen var nesten fem år eldre då han vann kandidatturneringa og vart verdsmeister i 2013.

Foto: Maria Jemeljanova / Fide

SjakkKunnskap
Atle Grønn

«Sjølv har eg heller aldri sett ein så mogen 17-åring, korkje på eller utanfor sjakkbrettet.»

Line Eldring har leidd utvalet som tilrår at Noreg både bør vidareføre og utvide samarbeidet med EU på nye område framover. Ho la nyleg fram utgreiinga «Norge og EØS: Utviklinger og erfaringer» for utanriksminister Espen Barth Eide.

Foto: Terje Pedersen / NTB

PolitikkSamfunn
Eva Aalberg Undheim

Veksande fjernstyre

Tilknytinga vår til EU veks og veks, både gjennom EØS-avtalen og utanfor, ifølgje ei ny utgreiing. Og det er få som kjenner heilskapen.

Omvend baug: X-Bow-en er utvikla av Ulstein og vert no for første gong nytta på ein fiskebåt.

Foto: Westcon

FiskeSamfunn

Båtbyggjarfolket

Trålaren «Ecofive» er både ei teknologisk nyvinning og eit resultat av den urgamle båtbyggjarkulturen på Vestlandet.

William Sem Fure

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis