Winnie Madikizela-Mandela (1934–2018)Winnie Madikizela-Mandela – den viktigaste kvinna i Sør-Afrikas historie – døydde måndag 2. april. Livet og virket hennar som svart, kvinne og radikal politisk leiar, er knytt til historia om rasisme, vald, kamp og k
Winnie Madikizela-Mandela då ho kom til den 54. nasjonale kongressen til ANC 16. desember i fjor.
Foto: Siphiwe Sibeko / Reuters / NTB scanpix
Winnie Madikizela-Mandela – den viktigaste kvinna i Sør-Afrikas historie – døydde måndag 2. april. Livet og virket hennar som svart, kvinne og radikal politisk leiar, er knytt til historia om rasisme, vald, kamp og kontroversar. Sjølv sa ho at ho var eit produkt av folket sitt og fienden sin.
Songar, dikt, filmar og bøker er laga om «nasjonsmora». Fotografane elska henne. Bilete av henne med knytte nevar er symbol på motstand, håp og siger. Ho var karismatisk, intellektuell, revolusjonær og vakker. Nelson Mandela skreiv at då han møtte den 22 år gamle aktivisten fyrste gong, var han slått av venleiken, ungdomen, lidenskapen, motet og viljestyrken hennar.
Winnie og Nelson Mandela var sjølve symbolet på kampen mot apartheid. I tre av dei fire tiåra dei var gifte, var dei tvinga frå kvarandre av regimet. I 27 år satt Nelson Mandela fengsla. Ho var øyra og auga hans til verda utanfor, og ho formidla røysta hans frå fengselet. Det utrøyttelege arbeidet hennar for å halde liv i minnet og bygge statusen hans er ofte underkommunisert i forteljinga om Nelson Mandela.
Winnie var ute blant folk. Medan leiarane i Den afrikanske nasjonalkongressen (ANC) var i fengsel eller i eksil i Lusaka og London, var ho feltsoldat som mobiliserte og organiserte grasrota for ANC, og den væpna greina deira, Umkhonto We Sizwe.
Ho var alt eit svart kvinne ikkje skulle vere, og ho utfordra eit mektig, rasistisk, patriarkalsk og valdeleg militærregime. Som einsleg mor til to jenter var ho sårbar og utsett. Politiet overvakte dei minste rørslene hennar, raida heimen hennar og arresterte henne fleire gonger. Infiltratørar lurte blant vener. Ho sat i husarrest og vart tvinga i internt eksil. Ho vart dømd som terrorist og sat i einecelle i halvtanna år, og ho vart torturert. Media utsette henne for systematiske svertekampanjar med historier om vald, utruskap og korrupsjon.
Men ho gav seg ikkje, og ho vart eit symbol og ei støtte for ungdom i og utanfor ANC. Medan ANC-leiinga var skeptisk til «svart motstand» og ungdomsmobiliseringa frå Soweto i 1976, skjøna og støtta ho krafta i ungdommen.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.