WaramannIngen kjem vel til å måla den nye justisministeren som nokon Messias, trass i at han er oppstanden frå dei hjernedaude der nede i FirstPrice. Lite ved den mannen minner om ein martyr.

Publisert

Ingen kjem vel til å måla den nye justisministeren som nokon Messias, trass i at han er oppstanden frå dei hjernedaude der nede i FirstPrice. Lite ved den mannen minner om ein martyr.

Tor Mikkel Wara har alltid forundra – og forarga – meg. Som Frp-broiler i førre hundreåret ergra han ikkje minst med å vera så vanskeleg å mislika. Finnmarkingen hadde liksom alt, og meinte alt. Han var vel for god til å Vara.

Kva har mannen drive med sidan, spør eg, for det hadde friska opp med ein småkriminell Finance Credit-missekonkurranse-justisminister her i landet. Men Google svarar at han så seint som i fjor, gjorde seg til master i filosofi med oppgåva «Undergraver evolusjonen moralsk realisme?».

Det var uventa.

Tilhengjarane av evolusjonære, undergravande argument – med sjølvaste Darwin i brodden – har hevda at moralen vår òg er eit produkt av evolusjon. Dersom menneske var utvika under liknande tilhøve som bier, blir Darwin sitert på i oppgåva, ville det vera ei dygd for ugifte kvinner å drepa brørne sine, og mødrene ville ta livet av sterile døtrer.

Dette kjøper ikkje den påtroppande justisministeren i Noreg, ikkje utan atterhald. Han forsvarer – men ikkje utan vidare – den moralske realismen og hevdar at det finst sanne moralske påstandar. Slike finnast, for her står mykje på spel, skriv Wara.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement