Vondt blod i Kaukasus

Det er svært vanskeleg å sjå noka fredeleg løysing på striden om Nagorno-Karabakh, seier Berit Lindeman i Helsingforskomiteen.

Ein armensk soldat fyrer av kanonen i Nagorno-Karabakh. Sidan søndag har det vore kampar mellom armenske og aserbajdsjanske styrkar i enklaven.
Ein armensk soldat fyrer av kanonen i Nagorno-Karabakh. Sidan søndag har det vore kampar mellom armenske og aserbajdsjanske styrkar i enklaven.
Publisert

På søndag skal aserbajdsjanske styrkar ha gått til åtak på Nagorno-Karabakh. Denne armenske enklaven reiv seg laus frå Aserbajdsjan i ein krig etter at Sovjetunionen vart oppløyst. Krigen tok slutt i 1994, men konflikten varer ved. Berit Nising Lindeman er leiar for Aust-Europa og Sentral-Asia-avdelinga til Helsingforskomiteen.

– Vi veit lite om kva som eigentleg skjer i Nagorno-Karabakh. Kor alvorleg er dette eigentleg?

– Det er veldig vanskeleg å få sikker informasjon, og det er mykje propaganda. Det er ikkje mogleg for uavhengige observatørar å kome seg til frontlina frå aserbajdsjansk side. Dette har vore mange trefningar gjennom åra, men det er nytt at aserbajdsjanske styrkar går til åtak inne i Nagorno-Karabakh. Aserbajdsjan skal òg ha teke attende landsbyar i den armenskkontrollerte buffersona kring enklaven. Det er frå den sona dei fleste aserbajdsjanske flyktningane stammar. Aserbajdsjan har 724.000 internt fordrivne.

– Det er 26 år sidan krigen tok slutt. Korleis kan ein konflikt haldast på sparebluss så lenge?

– I 1994 vart det våpenstillstand, men det kom aldri nokon fredsavtale. Båe partar har mykje å tape og ingenting å gje, og alle fredsforhandlingar har falle i fisk. Det har stadig vore større og mindre trefningar. Denne gongen ser det ut til å vere eit planlagt åtak, og det meste tyder på at aserbajdsjanarane byrja denne gongen. Dei har mest å vinne, det er deira territorium som er okkupert.

–?Folkerettsleg sett er det ingen tvil om at dette er aserbajdsjansk territorium?

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement