Vonde vegval
BJERKREIM: Det er ikkje berre berre å byggje veg i Noreg. Nokon må ta støyten.
Bøndene Guro Slettebø Refstie og Einar Slettebø Refstie har dyrka jord frå bergkant til bergkant. I oktober fekk dei vite at alt kan verte lagt under asfalt.
Foto: Eva Aalberg Undheim
Samferdsle
eva@dagogtid.no
Samferdsleminister Ketil Solvik-Olsen (Frp) skryter av at det dei neste tre åra kjem til å bli bygd fire gonger meir firefelts motorveg enn dei raudgrøne bygde på tre år.
– Dette trur eg alle på Sørvestlandet har ønskt seg i mange tiår, sa han til NRK då han i fjor varsla byggjestart for ny E39 mellom Kristiansand og Stavanger. Vegprosjektet er ein del av det langsiktige målet om ferjefri motorveg heilt frå Sørlandet til Trondheim.
Men det er ikkje alle som ønskjer seg ny veg, i alle fall ikkje nett der vegen skal gå. I Solvik-Olsens heimfylke, Rogaland, har det i fleire år vore diskusjonar om den nye europavegen. Fleire trasear er vurderte, og det har vore informasjonsmøte, utgreiingar og høyringsrundar, aksjonsgrupper, nye forslag og folkemøte.
Då samferdsleministeren nyleg gjekk inn for å byggje den nye vegen langs traseen til dagens E39, vart somme glade: Bønder i min eigen heimkommune, Bjerkreim, kan puste letta ut over at forslaget om å leggje vegen over Høg-Jæren er skrinlagt. Bedrifter i kommunane som no får behalde europavegen, er nøgde.
Men bjerkreimsbu Rune Gjedrem, som føreslo å leggje vegen over Jæren i utgangspunktet, er forferdeleg skuffa. Han har brukt svært mykje tid og over ein million kroner av eigne midlar på å kjempe for den såkalla «Jærlina», som han meiner ville vere betre både for befolkninga, matjorda, samfunnsøkonomien og utviklinga i regionen. No ser han kampen som tapt.
Ville verne matjord
E39 snirklar seg i dag gjennom innlandskommunen Bjerkreim med to felt og maksfart på 80 kilometer i timen. Vegen går langs dalstrøk, utanom vassdrag, kulturminne og gamle Bjerkreim sentrum, og svingar seg opp fjellskråningane. Ein ny firefelts veg med fartsgrense på 110 krev heilt ny trasé fleire stader og kjem til å gå ut over dyrka jord, beiteareal, friluftsområde og kulturminne.
Gjedrem bur i eit av dei to største dalføra i kommunen, tett på utløpet til Ørsdalsvatnet, som er del av det verna Bjerkreimsvassdraget og godt skjerma frå vegen i dag. Eg møter han i dalen der gardsbruka ligg på rekkje og rad, graset har kome seg etter tørken, og sauer og kyr beitar i dalsidene. Vanlegvis er det stort sett berre austavinden som rokkar ved stilla og idyllen her, seier han.
I framtida kan det kome over 11.000 køyretøy i døgnet her. Det går fram av trafikktala Statens vegvesen stør seg på for den tilrådde vegtraseen som er teikna inn i bru tvers over dalen og utløpet til vatnet.
– Ein er jo seg sjølv nærast. Ingen likar å ha ein motorveg rett forbi, men grunntanken då eg engasjerte meg, var fyrst og fremst å verne matjord, seier Gjedrem.
Entusiasme og ny veg
Det var i 2011 han fyrst vart kjend med planane om ein ny europaveg. Statens vegvesen la då opp til ei oppgradering av vegen frå Søgne i Vest-Agder til Gjesdal i Rogaland for å redusere talet møte- og utforkøyringsulukker og korte reisetida mellom Nord-Jæren og Kristiansand-regionen, to område med sterk vekst. Mykje av trafikken mellom dei to regionane er godstransport med vogntog og semitrailerar. På strekninga gjennom Bjerkreim vart det rekna med 6000 køyretøy i døgnet, og tilrådinga frå Vegvesenet var å byggje trefelts veg med midtrekkverk. Ein full firefeltsveg vart rekna som så mykje dyrare – «uten tilsvarende høyere samfunnsnytte» – at det var «uaktuelt å gå videre med dette konseptet», skreiv Vegvesenet, og den raudgrøne regjeringa støtta vurderinga.
Gjedrem meinte det var lite framtidsretta å byggje langs den gamle vegen inne i landet når tyngda av både innbyggjarar og næringsliv er nærare kysten. Ved å byggje firefeltsveg nærare kysten – frå Sandnes, over kystheia på Høg-Jæren, via Egersund og Sokndal og til Flekkefjord – ville fleire få kortare veg til E39, og europavegen kunne redusere behovet for utviding av riksvegen lenger sør, meinte han. Ein veg gjennom heiområda Høg-Jæren ville heller ikkje råke for mange innbyggjarar eller øydeleggje mykje dyrka og dyrkbar jord, og på sikt kunne vegen medverke til å flytte veksten på Jæren frå den rike matjorda og opp i det han kallar «uproduktive fjellområde».
Han gjekk opp traseen frå Egersund til Gjesdal til fots. Deretter leigde han helikopter og flaug over for å få oversikt. Han laga video, la vegforslaget ut på Youtube og fekk støtte for forslaget frå Rogaland Bondelag, Rogaland Bonde- og Småbrukarlag og Jordvernforeininga i Rogaland.
– Stemninga var nokså entusiastisk, seier Gjedrem.
Von og vonbrot
Etter eit folkemøte i 2015, der Gjedrem og støttespelarane samla fleire hundre personar, vedtok Rogaland Frp òg å gå inn for utgreiing av vegforslaget. Nokre månader seinare varsla Samferdsledepartementet at det opphavleg private forslaget skulle ut til høyring.
Gjedrem jubla og byrja å tenkje at det kunne gå vegen. Eit fleirtal av høyringsinstansane, inkludert fleire kommunar, ønskte òg ei skikkeleg konsekvensvurdering av forslaget hans. Men andre, som Naturvernforbundet, Rogaland fylkeskommune og Fylkesmannen i Rogaland, var imot, og like før jul i fjor kom meldinga om at Statens vegvesen òg gjekk for å skrinleggje alternativet.
Vurderingane frå Vegvesenet er at ei line over Jæren kjem til å vere lengre og ha lengre køyretid, koste meir å byggje, ha lågare netto nytteverdi, ta meir fulldyrka jord og meir landbruksareal og gjere større inngrep i naturmangfald, kultur, nærmiljø og friluftsliv enn alternativet.
Gjedrem meiner trafikktala Vegvesenet legg til grunn i analysane, er for generelle og ikkje fangar opp korleis ein europaveg over Høg-Jæren kunne ha avlasta riksvegen i sør.
Han trur likevel ikkje det er meir å gjere med saka no, anna enn å prøve å minimere skadane der vegen kjem. Endeleg trasé gjennom Bjerkreim er ikkje bestemt. I den siste høyringsrunden kom det nemleg inn eit nytt alternativ som er til vurdering no. Gjedrem sjølv har ikkje jord som vert råka om vegen vert lagd gjennom dalføret der han bur, men det har bøndene på andre sida av fjellet, på Holmen, der vegen kan kome ut.
– Alle vert ramma
Vegvesenet skildrar Holmen som eit område med viktige gardsanlegg og med gamle gravfelt og rydningsrøyser – kulturminne som «vil være sårbare ikke bare for direkte konflikt, men også indirekte påvirkning av større veganlegg». Like fullt er området teikna inn i planskissene som eit mogleg vegkryssområde.
Kjem den nye vegen til Holmen, kan han gå tvers over eigedomen til Stein Pettersen, som driv eit av dei fem gardsbruka i dalføret.
– Kva som vert att av denne garden då, veit eg ikkje, men vi har mykje dyr etter arealet og alt i dag for lite jord, så det er klart det vert sårbart om vi mistar noko. Men alle gardane her vert ramma om vegen kjem. Det går ikkje å bruke tunnelmasse til å lage ny jord i området, alt som ikkje er dyrka, er dalbotn og fjell, seier Pettersen.
Større konsekvensar
I 2014 varsla Samferdslede-
partementet at den nye E39 skulle planleggjast med fire felt, ikkje med tre. Vegvesenet meinte òg det var klokt: Sjølv om trafikkmengda per år låg «langt under kravet for en firefeltstrasé», hadde den reelle trafikkauken på E39 vore større enn det dei fyrste utgreiingane frå 2011 hadde skissert, sa regionvegsjef Kjell Inge Davik i Vegvesenet til NRK. Sidan den gongen har Rogaland opplevd netto utflytting som følgje av oljekrisa.
Både Rogaland fylkeskommune og Fylkesmannen i Rogaland har bede om at eit vegalternativ med to og tre felt og midtdelar skal vere med vidare i utgreiingane til Vegvesenet.
Ein motorveg med fire felt har ei breidd på mellom 30 og 50 meter, inkludert grøfter og fyllingar, og endå meir i vegkryssa. Det seier Torun Lynnebakken, som leiar planlegginga for E39 hjå Vegvesenet. Ho stadfestar at ein firefeltsveg gjer langt større inngrep i naturen enn ein veg med to og tre felt.
– Kva er den faglege grunngjevinga for at det no blir planlagt firefeltsveg der det vart rekna som heilt uaktuelt i 2011?
– Det er utrekningane av trafikkveksten og den politiske vurderinga av det. Det er framleis miljø som meiner vi kan byggje ut med vesentleg lågare standard, men dagens samferdslepolitikk legg opp til firefeltsveg, seier ho.
Strek i rekninga
Bøndene Einar Slettebø Refstie og Guro Slettebø Refstie fekk firefeltsvegen inn på garden brått og uventa. Dei budde utanfor planområdet for ny E39 og langt unna vegtraseane som har vorte diskuterte – heilt til ein laurdagskveld i oktober i fjor, då naboen tipsa dei om å sjekke nettavisa: Eit nytt lineforslag for ein 40 kilometer lang trasé hadde kome inn gjennom høyringsprosessen og vart vurdert som interessant av Statens vegvesen. Det vart òg lansert som den truleg billegaste korridoren av Vegvesenet.
Traseen ligg sør for dagens E39 og utanom Bjerkreim sentrum, men tvers over heiområdet familien Slettebø Refstie har brukt dei siste åra på å dyrke opp.
Vegen kan ifølgje dei ta 130 mål, nær halvparten av den dyrka jorda på garden.
– Mistar vi så mykje, har vi ikkje lenger ressursgrunnlag for så mange dyr som vi har, og då mistar òg bygningane våre verdien. Vi har investert mykje, fornya bygningar, bygd ny silo og hatt mål om å kunne produsere nok grovfôr til eigen produksjon. Forsvinn halvparten av dyrkamarka, har vi ikkje nok til å halde oppe produksjonen, seier Guro.
I heiområdet har dei dyrka frå bergkant til bergkant, alt utanom nokre små haugar i aust. Det er gamle rydningsrøyser – kulturminne dei ikkje har fått lov til å røre. Det spørst om dei same reglane gjeld for ein firefeltsveg.
– Dyrkingsprosjektet er noko far har jobba uendeleg mange timar og seine kveldar med for å få godkjent og gjennomført. Vi ønskjer å kunne gje dette vidare til neste generasjon. Garden er slektsarven og ein viktig del av identiteten min. Det kjennest ikkje rett at vi skal måtte ofre det for at nokon andre skal få kome seg litt raskare til hytta på Sørlandet, seier ho.
– Ikkje så eintydig
Vegvesenet vurderer no dei to attståande traseane, men har ikkje summert og konkludert enno. Fyrst må òg Kommunal- og moderniseringsdepartementet fastsetje endeleg planprogram, seier Lynnebakken.
– Korleis vektlegg de omsynet til landbruk og jordvern i desse vurderingane?
– Vi skal vektleggje såkalla ikkje-prissette tema som friluftsliv, nærmiljø, kulturmiljø, naturressursar og naturmangfald likt. Står det mellom område med viktige kulturminne, friluftsliv og naturmangfald, kan summen av dei slå meir ut enn omsyn til landbruket. Politikarar kan velje å prioritere annleis, men vi som fagetat kan ikkje leggje meir vekt på landbruk enn på dei andre faktorane, seier ho.
– Det nye lineforslaget er lansert som det billegaste. Kva vekt har pris i totalvurderinga?
– Vi trudde det var det billegaste då vi tilrådde å ta det med, men utrekningane er ikkje så eintydige lenger, så det står att å sjå. I utgangspunktet skal ikkje-prissette verknader telje like mykje som dei prissette, men her skal òg samfunnsnytte og kostnad jamført med kva vi får att, inn i biletet, så vi kjem ikkje vekk frå element av fagleg skjønn.
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

– Det kjennest ikkje rett at vi skal måtte ofre det for at nokon andre skal få kome seg litt raskare til hytta på Sørlandet.
Guro Slettebø Refstie, bonde
– Ingen likar å ha ein motorveg rett forbi.
Rune Gjedrem
– Vi trudde det var det billegaste då vi tilrådde å ta det med, men utrekningane er ikkje så eintydige lenger.
Torun Lynnebakken, Statens vegvesen
Fleire artiklar
Marie Blokhus, Gard Skagestad og Kirsti Refseth spelar stykket til den tyske dramatikaren Marius von Mayenburg.
Foto: Monica Tormassy / Det Norske Teatret
Kven har makt over kven?
Velspelt om medviten og umedviten makt, sanning, manipulasjon og illusjon.
The Lady (Willa Fitzgerald) må flykte frå ein galen mann.
Foto: Another World Entertainment
Skrekkfilmen Strange Darling tuklar med tida for å trekke i gang tankane.
President Joe Biden (f. 1942) og statsminister Jonas Gahr Støre (f. 1960) stiller opp til familiefoto på Nato-toppmøtet i Washington i år.
Foto: Javad Parsa / NTB
Å fjerne Støre no vil vere ei panikkhandling som skaper fleire problem enn det løyser for Arbeidarpartiet.
Ein demonstrant med gassmaske protesterer i Tblisi 2. desember mot at den nye regjeringa vil leggja vekk EU-søknaden.
Foto: Irakli Gedenidze / Reuters / NTB
«Med unntak av presidenten har ikkje demonstrantane i Georgia stor tiltru til politikarane.»
Sveinung Rotevatn (V), som ser opp, talte ikkje under behandlinga av den nye abortlova 3. desember. Den som gjekk fram til talarstolen flest gonger, var Marian Hussein (SV).
Foto: Thomas Fure / AP / NTB
Mors liv i salen
Debatten vi fekk høyre då den nye abortlova blei behandla tysdag, strekte seg frå 10.00 til 14.30, frå 1915 til framtida og frå fosteret til den store verda.