Politikk
– VM er eit prestisje-prosjekt
Er boikott av fotball-VM rett svar på Donald Trumps trugsmål mot europeiske allierte? Andreas Selliaas fortel om spelet i kulissane.
USAs president Donald Trump vart tildelt Fifas fredspris av Fifa-president Gianni Infantino i desember i fjor.
Foto: Jia Haocheng / AP / NTB
Andreas Selliaas har skrive om idrett, makt, pengar og politikk i ei årrekkje, som forskar, journalist og forfattar. Han følgjer fotball-VM 2026 tett.
– Bør Trumps trugsmål mot Grønland føre til at Noreg og andre europeiske land boikottar fotball-VM i USA?
– Om Trump gjer alvor av trugsmåla mot Grønland, er det ei alvorleg sak. Fotballforbunda må diskutere og ta stilling til kva konsekvensar det eventuelt skal få. Diskusjonen om kva alternativ fotballforbunda har, er alt i gang.
– Vil boikott først verte eit reelt alternativ dersom USA faktisk tek kontroll over Grønland med makt?
– Det er nett den problemstillinga dei har byrja å diskutere i Uefa (Unionen av europeiske fotballforbund). Slik eg skjøner det, ønskjer dei fleste nasjonale forbunda at Uefa skal kome med ein samla konklusjon. Det store spørsmålet er om dei skal gå ut med eit standpunkt med ein gong, ei åtvaring, eller om dei skal ha ein beredskapsplan og håpe dei slepp å ta stilling. Forbunda har eit stort dilemma. Går dei ut og ber USA skjerpe seg no, fryktar dei å eskalere situasjonen. Ventar dei for lenge med å ta stilling, vil dei skape trøbbel for alle landslaga som førebur seg til VM. Grunnen til at fleire nasjonar ønskjer å stå samla, er at ingen enkeltland skal bli utpeikte som syndebukkar. Det fekk vi til dømes sjå i forkant av fotball-VM i Qatar i 2022, då presidenten i Noregs Fotballforbund (NFF) Lise Klaveness vart pålagd av Fotballtinget å halde ein tale i Doha der ho gjekk til kraftig åtak på Fifa og Qatar. Ho vart isolert av dei andre forbunda – også dei nordiske.
– Kven tek del i Uefa-debatten, og er det ein open eller lukka debatt?
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.