JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

VitskapSamfunn

Kval og klima

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
1610
20230203
1610
20230203

I 1890-åra byrja norske fangstfolk og oppdagarar å ta del i utforskinga av Antarktis. I januar 1895 gjekk ei gruppe på åtte mann frå kvalfangstskipet «Antarctic» i land på Kapp Adare, og vart kanskje dei første som sette føtene på kontinentet. Fire år seinare var det sju nordmenn blant dei ti deltakarane i den første overvintringa i Antarktis. (Men ekspedisjonen bar namnet The British Antarctic Expedition.) Og i 1911 nådde ekspedisjonen til Roald Amundsen Sørpolen.

I mellomkrigstida fekk den norske kvalfangsten i Sørishavet og det sørlege Atlanterhavet stort omfang. Og det var omsynet til kvalfangarane som dreiv Noreg til landnåmet i sør. Bouvetøya vart erklært som norsk biland 1929, i 1931 kom kravet på Peter I øy, og i 1939 annekterte Noreg Dronning Maud Land i all hast, fordi Tyskland var i ferd med å gjere det same. Dette vart grunngjeve med norske oppdagingsferder i denne delen av Antarktis i 1920- og 30-åra.

Dronning Maud Land er eit enormt kakestykke, sju gonger større enn Noreg og ein sjettedel av heile Antarktis. Men påstanden om norsk herredøme fekk små konsekvensar. Antarktisekspedisjonen frå 1956 til 1960 etablerte basen Norway Station i Dronning Maud Land, men han vart overlaten til Sør-Afrika da ekspedisjonen vart avslutta. Denne forskinga var dels ei posisjonering i forkant av Antarktistraktaten. I 1961 la traktaten alle landkrava på is, og Noreg sende ikkje eigne ekspedisjonar til Antarktis på mange år. Krava om norsk suverenitet over Dronning Maud Land vart likevel aldri forlatne. Og sommaren 1989-90 vart den første Troll-basen sett opp ved Jutulsessen.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Emneknaggar

Fleire artiklar

Beth Gibbons har henta mykje frå eige liv i arbeidet med det nye albumet.

Foto: Netti Habel

MusikkMeldingar

Det som finst, her og no

Beth Gibbons gir ut si første soloplate med eigenkomponerte songar.

Øyvind Vågnes

Foto: Vibeke Ekeland Grønn

Frå sjakkverdaKunnskap
Atle Grønn

«For nokre månader sidan fekk eg eit anonymt tips i posthylla på jobben»

Skodespelarane Joseph Engel (Bastien) og Sara Montpetit (Chloé) i regidebuten til Charlotte Le Bon.

Foto: Cinemateket

FilmMeldingar
Håkon Tveit

Søte sommarskrømt

Falcon Lake er ein ven og var knalldebut frå Quebec.

Palestinarar på veg ut av Rafah måndag, etter at Israel varsla nye åtak i byen lengst sørvest i Gaza.

Foto: Ramadan Abed / Reuters / NTB

Samfunn
Per Anders Todal

Den raude streken i Rafah

Kanskje skal sluttspelet i Gaza-krigen stå i Rafah. Det blir neppe kort.

Med den lange stjerten har erla umiskjenneleg kroppsform og ein særeigen måte å gå på.

Foto: Naïd Mubalegh

DyrFeature

Linerla – løyndomsfull kjenning

Om våren og sommaren vert linerla sett mange plassar, gjerne i nærleiken av menneske, frå byar til stølar, og ho kan finne på å byggje reir i eit svimlande utal habitat.

Naïd Mubalegh

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis