Virusvinnarane

Covid-19 har gjort dei mektige mektigare og dei rike rikare.

Amazon-sjef Jeff Bezos var verdas rikaste menneske alt før pandemien sette inn. No har koronaviruset fått formuen hans til å svulme, og makta til Amazon har auka monaleg.
Amazon-sjef Jeff Bezos var verdas rikaste menneske alt før pandemien sette inn. No har koronaviruset fått formuen hans til å svulme, og makta til Amazon har auka monaleg.
Publisert

Ei global krise kan vere eit høve til å dele ut korta på nytt, og mange har projisert sine eigne ønskedraumar over på koronakrisa dei siste månadene. Somme ser eit høve til å skape ei miljøvenleg og berekraftig verd, fordi dei økonomiske bergingspakkane frå statar rundt i verda gjev rom for meir politisk styring av økonomien. Somme vonar krisa skal føre til større sosial utjamning, slik det skjedde i den vestlege verda etter depresjonen og den andre verdskrigen.

Men om ein ser på kva som faktisk har skjedd dei siste månadene, er det ei anna utvikling som verkar langt meir sannsynleg, og ho er alt lett å sjå: Dei store teknologiselskapa aukar makta si, medan lokalt næringsliv og lokalt kulturliv blir svekte.

Ein enkel målestokk for utviklinga er børsverdien til Amazon, verdas største netthandelsselskap: Sidan koronapandemien verkeleg tok av i mars, har aksjekursen til selskapet nesten blitt dobla. I skrivande stund er Amazon verd over 14,2 billionar norske kroner. Inntektene til selskapet i andre kvartal i år var 40 prosent høgare enn i fjor og profitten dobbelt så stor som i same kvartal i fjor.

Trygg avstand

Denne utviklinga har openberre årsaker. Når nærleik mellom menneske har blitt ein trussel, går det ut over dei fleste fysiske møtestader og lokalt næringsliv. Fellesløysingar som kollektivtransport og skular og fellesarenaer som kafear og kulturliv blir råka. Dei som tener pengar og påverkar oss på trygg avstand frå den sårbare og smittefarlege kroppen vår, styrkjer derimot posisjonen sin. Og ingen har auka makta si meir enn teknologigigantane i denne tida.

Denne utviklinga gjer seg gjeldande på så mange felt: Digitaliseringa av skulane i verda har teke eit sjumilssteg, nett slik Apple, Microsoft og Google ønskjer. Teater og kinoar har blitt stengde og konsertar avlyste, og strøymetenester som Netflix får stadig fleire abonnentar. Barne- og ungdomsidrett ligg nede, medan dataspelindustrien tener meir enn nokon gong. Fysiske møte blir erstatta med videokonferansar via appar frå Microsoft, Zoom eller Apple. Og medan lokale butikkar verda over må stengje fordi kundane held seg heime, har inntektene og børsverdien til netthandelsselskapet Amazon gått gjennom taket. Koronapandemien flyttar økonomisk makt og endrar samfunn, og nokre av endringane kan bli varige.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement