Virus på lag med makta
Statsleiarar må opptre ekstremt klønete om dei ikkje skal profittere på koronakrisa.
KORONAVINNARAR: Helse- og omsorgsminister Bent Høie og statsminister Erna Solberg har hatt ekstra stor definisjonsmakt dei siste månadene.
Foto: Heiko Junge / NTB scanpix
Ein statsleiar bør ikkje ønskje seg katastrofar, men det løner seg som regel å sitje ved makta når store farar trugar eit land. Statsminister Erna Solberg og partiet hennar har blitt langt meir populære sidan covid-19-epidemien slo inn over Noreg. I aprilmålinga til Opinion spratt oppslutnaden til Høgre opp med heile 8,5 prosentpoeng til over 27 prosent – det største spranget for eit parti i løpet av ein månad nokon gong. Og i april svarte heile 55 prosent av dei spurde at Erna Solberg var best eigna som statsminister i Noreg – ein framgang på 12 prosentpoeng.
Det er rimeleg å sjå auken i oppslutnad som eit resultat av at koronatiltaka i Noreg har verka som dei skulle. Dei norske dødstala i pandemien er svært låge samanlikna med dei fleste europeiske land: I skrivande stund (onsdag) er det registrert 235 dødstal på grunn av covid-19 i Noreg.
Men dette er neppe heile forklaringa. Også i land der viruset har herja umåteleg mykje hardare enn i Noreg, til dømes i Italia, Spania og Storbritannia, har regjeringspartia fått større oppslutnad i løpet av pandemien.
Svenske tilstandar
Og det er heller ikkje berre restriktiv koronapolitikk med strenge tiltak for å berge liv som har gjeve sitjande regjeringar større popularitet dei siste månadene. Den svenske regjeringa valde som kjent ei heilt anna line enn den norske da covid-19-pandemien slo til, med langt mindre inngripande tiltak, og Sverige har no registrert over 4200 koronadødsfall. Likevel har også den svenske regjeringa auka oppslutnaden kraftig i løpet av pandemien.
15. april fekk Sosialdemokratane, partiet til statsminister Stefan Löfven, ein framgang på nesten 7 prosentpoeng på ei meiningsmåling utført for Svenska Dagbladet. Og sjølv om dødstala har stige bratt i Sverige, heldt populariteten til det største regjeringspartiet seg oppe også i mai, synte det månadlege veljarbarometeret til SIFO: SD gjekk vidare fram til 31,7 prosent oppslutnad. I januar hadde partiet støtte frå berre 23,5 prosent av dei spurde.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.