Eg oppdaga Amerika på 1980-talet, originalt nok frå Stillehavssida, via Hawaii.
Den store hopen av Amerika-oppdagarar kom elles, som me veit, via Atlanteren, til dømes den heilage iren Brendan frå Clonfert på 700-talet, i skinnbåt.
Eg ser, som vanleg er, bort frå dei som for om lag 20.000 år sidan kom til fots frå Asia over Beringssundet, eller Beringia, som brua mellom kontinenta – posthumt – er blitt kalla. Men skikkelege oppdagarar kan dei knapt kalla seg, desse som ikkje er europearar. Admiral Zheng He, til dømes, var kinesar og kan såleis heller ikkje ha oppdaga Amerika i 1421, om han no skulle ha vore på dei kantar.
Newfoundland oppdaga eg for min del alt på 1960-talet, men øya var ikkje skikkeleg med i Amerika på den tida, det var ein bortkomen britisk filial. Eg byrja på skulen i St. Johns, ikkje langt frå L’Anse aux Meadows, der Leiv Eiriksson i år 1000 bygde hytte, om me skal tru Anne Stine og Helge Ingstad, som i 60-åra grov i vikingmødding og -tufter så molda spruta. Og det skal me:
No som Vinland-kartet endeleg er avslørt som eit falsum, og det av sjølvaste eigaren, Yale-universitetet, er det berre funna til ekteparet Ingstad, skrønene til Snorre og Grønlendingasaga som kan hindra den hersens Columbus i å ta tilbake trona som fyrste (europear) til å oppdaga Amerika.
Hadde han navigert etter eit Vinland-kart, og korleis skulle elles ein slik alfons ha funne noko som helst, måtte han fått kartet frå oss, vikingane, det vil seie frå ein som måtte ha fått det frå nokon som hadde vore der prekolumbint. Eller frå Zheng He.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.