JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

Samfunn

Vindkraft mot vasskraft

Regjeringa og Noregs vassdrags- og energidirektorat seier at vindkraft er billigare enn magasinkraft. Det er ei sanning med modifikasjonar.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
Kjetil Lund er vassdrags- og energidirektør i NVE.

Teikning: May Linn Klement

13406
20200626
13406
20200626

Kraftpolitikk

jon@dagogtid.no

Noregs mest infiserte politiske spørsmål for tida er vindkraft. På den eine sida har vi komande Venstre-leiarar, NVE-sjefar og ministrar som snakkar om det uheldige toneleiet i debatten, på den andre sida har vi lenkjegjengar og Facebook-grupper. Debatten kjem litt seint. Vi burde nok ha teke han for mange år sidan. Ein som tok debatten, i det minste internt, var Jens Stoltenberg. I 2003 fann svenskane ut at dei ville kvitta seg med både med kjernekraft og med fossile kjelder i kraftproduksjonen. Dei innførte elsertifikat, som av det vi lyt tru var av politiske grunnar, straks vart omdøypte til «grøne sertifikat». Svenskane fann ut at dei ville subsidiera vindkraft og brenning av tre til kraftproduksjon. Det skulle ein tru ikkje var særleg relevant for Noreg, sidan vi hadde kraftoverskot og ikkje hadde atom- eller kolkraft. Det meinte i det minste Stoltenberg.

I sjølvbiografien skriv han mykje om det han kallar det «miljøindustrielle kompleks», ein allianse mellom LO, grunneigarar, den kraftkrevjande industrien og ulike klimaorganisasjonar. Dei ville at vi, som svenskane, skulle byrja å subsidiera slikt som småkraftverk og vindturbinar. Stoltenberg var motstandard, seiar han, av di rekninga kom til å verta så høg. Dei offentlege magasinselskapa og dimed velferdsstaten kom til å tapa mykje pengar, og forbrukarane kom til å få ei mykje høgre kraftrekning, sidan det var dei som skulle betala subsidiane. Stoltenberg tapte. Eit nær samla storting og ei heilt samla presse meinte at vi burde gå saman med svenskane. Men han fekk likevel rett. Magasinkrafta vart mindre verd, og den samla kraftrekninga til forbrukarane gjekk opp.

Stor suksess

Subsidieordninga vart ein suksess. Incentiv verkar. I 2012 byrja ordninga med elsertifikat. Noreg og Sverige skulle saman laga 28,4 nye TWh med fornyeleg kraft mellom 2012 og 2021. Stoltenberg tapte grundig, Noreg skulle taka halvparten av rekninga sjølv om vi berre var halvparten så mange som Sverige. Det kom inn massivt med søknader om å byggja vind- og småkraft. I mai 2019 vart målet nådd. Noreg og Sverige hadde laga 28,4 nye TWh, eller vel 28 milliardar nye kWh. Men utbyggingane stogga ikkje. Alle som set opp vindturbinar før utgangen av 2021, er via kraftrekninga og elsertifikata garanterte subsidiar i femten år.

Førre veke la regjeringa fram ei melding både om vindkraft og om norsk kraftproduksjon generelt. Meldinga er ein freistnad på å skapa ro i ordskiftet om vind. Vi skal ikkje diskutera meldinga i særleg grad her, sidan ho er tynn, både i innhald og i sidetal. I hovudsak er meldinga ein lovnad frå regjeringa om at dei skal koma attende til vindproblematikken i framtida. Men meldinga inneheld ein figur som ikkje vert problematisert, og det er litt underleg, sidan forskingslitteraturen om problema med definisjonen som vert nytta i den figuren, etter kvart er omfemnande. Det både meldinga og figuren utvitydig slår fast, er at vindkraft no har vorte den billigaste forma for kraftproduksjon vi kan ha i Noreg.

Billig vind

Landbasert vindkraft kosta i 2019 32 øre per år å produsera over levetida per kilowattime, kWh, seier figuren. Vasskraft over 10 MW i effekt, som stort sett er magasinkraft, kostar 37 øre. Figuren er henta frå NVE, som har ei nettside som heiter «Kostnader for kraftproduksjon». Den sida syner at kostnadene ved magasinkraft ikkje kjem til å få ein reduksjon i framtida, medan landbasert vindkraft skal koma ned i 19,7 øre i 2040. Sagt på ein annan måte: Om du er investor, bør du kjøpa massivt med vindkraftaksjar dersom NVE har rett. Ein kraftproduksjon til knapt 20 øre er så godt som gratispengar.

Sett i lys av den internasjonale debatten er det rett nok litt underleg at NVE har laga denne figuren og opererer med eit så lågt kostnadsnivå for vind. At regjeringa ikkje problematiserer tala, er ikkje fullt så underleg, sidan NVE er fagetaten dei lener seg på. Definisjonen NVE nyttar, heiter LCOE, som er ei forkorting for det engelske omgrepet «levelized cost of energy», eller på norsk: «kostnader ved energiproduksjon over levetida».

Noko så prosaisk som ei forkorting skulle ein tru var lite kontroversielt. Men det er omgrepet på ingen måte. Som U.S. Energy Information Administration skriv: LCOE «kan vera misleiande som metode for å vurdera kor konkurransedyktige ulike kraftalternativ kan vera». Det internasjonale energibyrået, IEA, har gått så langt at dei har laga ein ny definisjon i energianalysane sine, dei operer no med «levelized avoided cost of energy» (LACE), som omsett til norsk vert noko slikt som «kostnader unngått i energiproduksjon over levetida». Men ein slik definisjon finn vi ikkje hjå NVE.

Levetid

Kva er så levetida for vind- og magasinkraft? NVE legg til grunn at ein vindturbin skal stå i 25 år før han vert bytt ut, medan magasinkraft har ei levetid på 40 år. Her er NVE på kollisjonskurs både med skattesystemet og delvis med røyndomen.

Stortinget har til dømes gjeve vindkraft ei avskrivingstid på fem år. Ja, dette veit alle at er ein skattesubsidie, vindturbinar står i mellom 20 og 25 år, som NVE legg til grunn. Men magasinkraft har ei avskrivingsperiode på 67 år. Jau, turbinar og mekaniske delar kan ein skriva av over 40 år, men tunnelar, demningar og magasin, seier skattesystemet, lever over 67 år.

Men det er heller ikkje heilt sant. I praksis vert magasinkraft ståande i æva. Ja, det er ein stor kostnad å sprengja tunnelar og byggja magasin, men når det er gjort, vert det ståande, og vedlikehaldskostnaden er særs låge per år. Dette tek korkje NVE eller LCOE omsyn til.

Når det er sagt, så gjev det delvis meining for ein privat investor å nytta LCOE, men for staten og kommunane som eig det meste av norsk magasinkraft, gjev det lita meining. Ein privat investor vil etter kvart døy, staten og kommunane skal leva evig. Om du sit i eit kommunestyre og skal vurdera om kommunen skal byggja ut magasinkraft eller vindkraft, vert vurderinga ei anna enn om du er ein privatperson som skal kjøpa aksjar. Skal du kjøpa ein vindturbin som varer i 25 år eller byggja eit magasin som varer evig? Svaret avheng av kva rolle du har. I alle høve: NVEs definisjon seier at magasinkrafta må lagast på ny kvart 40. år, men tunnelane er der i hundrevis av år.

Seier nei

Men som vi veit, seier staten og NVE nei til store nye magasin. Det er dimed ikkje sagt at vi ikkje kan få auka produksjon av magasinkraft. Kraftselskapa kan sprengja nye tunnelar og henta vatn i grannevassdrag, og dei kan få høgre effekt dersom det vert kjøpt turbinar med meir hestekrefter. Men det all noverande magasinkraft og eventuelle framtidige utvidingar eller effektaukar har til felles, er at dei har kraftnett. Om eit kraftselskap får høve til å henta meir vatn, så sender dei den auka kraftmengda ut i eit nett som alt er bygd, eit nett dei i si tid finansierte og som no er nedbetalt.

Vindkraft er noko anna. Om kraftproduksjonen og kraftdistribusjon i Noreg var totalt privatisert, ville ein investor stilt to spørsmål dersom eit vindkraftselskap ville ha pengar av han: «Kan de produsera når etterspurnaden og prisen er høg? Og kven betaler for nettet?» LCOE-definisjonen til NVE svarer ikkje på dei to spørsmåla. Når IEA snakkar om «avoided cost», sikter dei til nettkostnader. Dei har eksplodert etter at vi fekk elsertifikat.

I vår har kraftprisen vore uvanleg låg, men som mange kundar har oppdaga, har det hatt små konsekvensar for kraftrekninga. I einskilde nettområde har nettleiga før statlege avgifter vore 80 prosent av kraftrekninga. Annakvart år legg NVE fram ein rapport om planlagde oppgraderingar og utvidingar av nettet dei komande ti åra. I 2016 hadde nettselskapa investeringsplanar for 140 milliardar dei neste ti åra, i 2018 135 milliardar. Nei, det er på ingen måte berre elsertifikat, småkraft og vindkraft som er årsaka til investeringane, men dei speler ei rolle. Dessutan har nettselskapa såkalla naturlege monopol, dei er via reguleringsregimet garantert ei avkasting på 6 prosent av investeringane. Det vil seia at om ein bruker mindre straum, går nettleiga opp per kWh. Nettselskapa skal ha sine 6 prosent i alle høve. Dimed er det nok ein tendens til overinvestering.

Fordel vind

Men her har vindselskapa hatt ein stor fordel samanlikna med magasinkrafta. Stort sett alt av norsk magasinkraft vart bygd ut før kraftprisen vart sleppt fri i 1992, og samstundes som kraftselskapa bygde magasina, bygde dei òg kraftnettet. Det var to sider av same sak. Men etter 1992 vart produksjonen sleppt fri og nettet lagt til eigne selskap eller AS. Nettselskapa har gjeve vindkraftselskapa tilgang til dette nettet – dei har ikkje berre gjeve tilgang, dei har bygd nytt nett for vindkrafta. Kortversjonen er at vindkraft ikkje har betalt mange kronene for å verta knytt til kraftnettet, men det har ikkje NVE teke omsyn til i sin figur.

Fram til 1. januar 2019 hadde lokale nettselskap rett til å krevja såkalla «anleggsbidrag» for tilknyting til distribusjonsnettet. Dei kunne krevja den konkrete kostnaden ved å knyta seg til lokalnettet både frå konsument og frå produsent. I praksis var det lite krav til ei slik avgift for produsentar. Dei vart subsidierte av andre brukarar. Det var vidare ikkje lov å krevja anleggsbidrag for tilknyting til regional- og sentralnettet, der dei verkeleg store kostnadene ved ny kraft er.

Statnett

Statnett såg at det kom enorme nye behov i sentralnettet på grunn av all nybygginga, dei såg på alle konsesjonane som var gjevne. Statnett starta difor investeringar på eiga hand. Vanlege forbrukarar betaler for dette. Nye produsentar har ikkje betalt noko for den oppgraderinga som har vore utført i regi av Statnett. Før var det altså ikkje lov å taka anleggsbidrag for regional- eller sentralnettet. Vanlege forbrukarar har dimed betalt og betaler ein stor subsidie til kraftkrevjande industri og produsentane. All oppgradering av sentral- og regionalnett har vore tilnærma gratis for storkonsumentar og produsentar fram til no. Den kraftkrevjande industrien har til dømes berre betalt 10 prosent av nettleiga samanlikna med vanlege forbrukarar.

NVE såg til slutt at dette vart urettvist. Frå 1. januar 2019 vart det innført ei plikt til å taka anleggsbidrag, både for distribusjonsnettet og for regional- og sentralnettet, og Statnett vil no at den kraftkrevjande industrien berre skal få 50 prosent rabatt i framtida. I distribusjonsnettet, seier NVE, skal ein taka 100 prosent dersom det berre er konsumenten eller produsenten som har ein fordel. Om andre har ein fordel, skal ein taka eit anleggsbidrag svarande til dei kostnadene berre ein sjølv utløyser. I regional- og sentralnettet skal ein krevja 50 prosent for nyutbygging som ny kraftproduksjon utløyser. Dette er likevel ikkje heilt rett, for når dei fyrst byggjer nytt nett, byggjer Statnett og regionselskapa mykje meir sidan dei fyrst er ute i felten. Det gjer dei av di dei automatisk reknar med auka kraftproduksjon, og for å betra flyten av kraft. Ekstrakostnaden ved auka kapasitet fell på småkundane.

Men!

Men her er det eit stor men. Alle som hadde fått ja til utbygging eller ekstrakonsum før 1. juli 2018, slepp å bry seg om det nye regelverket, så sant dei byggjer ut før 1. juli 2022. Vindkrafta på Fosen, til dømes, vil dimed ikkje måtta betala særleg mykje for alt det nye nettet som Statnett har laga, dei må heller ikkje betala for regionalnettet og nesten ingenting for distribusjonsnettet, sidan dei vert kopla rett på det store nettet. I klartekst: I praksis får alle dei som har fått vindkraftkonsesjonar, og som no byggjer ut eller har bygd ut, tilnærma gratis nett. Dimed kjem ikkje vindselskap til betala noko – eller svært lite – for nettilgang i dei 25 åra NVE reknar med at vindturbinane står.

Kva med Equinor, som no skal elektrifisera heile sokkelen? Dei vil i praksis betala 50 prosent av den kapasiteten dei etterspør, ekstrakapasitet utover dette som vert bygd i alle høve, betaler dei ikkje for, sjølv om dei utløyser investeringa og får nesten alle kostnader dekt via skattesystemet. Dimed kjem nettleiga til å auka endå meir i mange år framover.

Kva med profitt?

Men det viktigaste for investorar er profitt. Om ein har valet mellom vindkraft og magasinkraft, spør ein seg om ein kan selja når etterspurnaden og dimed prisen er høgst. Ja, LCOE seier kva kostnaden er om ein får gratis tilgang til kraftnettet, men LCOE seier ingenting om kva pris ein kan få. Dei som produserer magasinkraft, kan selja når prisen er høgst. Dei som produserer vindkraft, må selja når vinden blæs. Paradokset for dei som vil investera i vind, er at di meir vindkraft som kjem inn i systemet, di lægre vert prisen. Men diverre for dei som eig alt eksisterande magasinkraft, vil dei samla tapa pengar på at vindkrafta kjem inn og driv dei generelle prisane nedover.

Etter 2021, når elsertifikatperioden er over, vert det neppe bygd ut mykje kraft i Noreg, LCOE eller ikkje. Det same NVE som opererer med LCOE, seier at vi kjem til å ha store kraftoverskot i tiår framover. Ein tankekross er det kan henda at det hadde vore umogleg å byggja ut småkraft og vindkraft utan den stabile magasinkrafta.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Eller kjøp eit anna abonnement

I praksis får alle dei som har fått vindkraftkonsesjonar, og som no byggjer ut eller har bygd ut, tilnærma gratis nett.

Emneknaggar

Fleire artiklar

Flytande gull: Få ting er så godt som olivenolje – om han er rette typen.

Foto: Pxhere.com

Frå matfatetKunnskap

Olivenolje

Jomfruer veit visst ikkje alltid å ta seg betalt.

Siri Helle

Foto: Paal Audestad

BokMeldingar

Ho som får ting til å skje

I Jægtnes’ fantasifulle soge går fakta og fiksjon opp i ein medrivande heilskap.

Hilde Vesaas

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis