Politikk
– Raudt har nærma seg SV
SV har ei stor utfordring med å finne rolla si i eit endra politisk landskap, seier Ingrid Fiskaa.
SV-leiinga har denne veka fått open kritikk. Kritikarane etterlyser ein ny strategi og vil at partiet skal verte meir løysingsorientert og mindre dogmatisk.
Foto: Gorm Kallestad / NTB
Det har blåse rundt SV den siste tida, og på målingane for desember er partiet nede på 5,2 prosent oppslutnad i snitt, ifølgje nettsida Pollofpolls. Det er det lågaste månadlege gjennomsnittsnivået sidan juli 2017 og meir enn ei halvering frå desember i fjor.
Ingrid Fiskaa har vore aktiv i partiet sidan midten av 1990-talet, og ho har vore valt inn på Stortinget sidan 2021.
– Kva kjem den sterke nedgangen til SV av, slik du ser det?
– SV har ei stor utfordring med å finne rolla vår i eit endra politisk landskap, og valresultatet er eit uttrykk for det. Eg vil ikkje seie at nedgangen var sterk, men nedgang er det, og vi har ikkje klart å snu trenden enno.
– Til venstre for dykk held Raudt fram oppgangen på målingane. Kor mykje har det å seie for dykk?
– Eg er ikkje så oppteken av kva andre parti driv med. Eg er meir oppteken av kva SV gjer og bør gjere framover. Og det er det strategidebatten vi har starta no, skal handle om.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.