Forteljingar om frykt – Russisk kvardagskliv i skuggen av krigen

Leiketøy vi ikkje vil ha

Russarane skal feire jul og nyttår i år òg, med krigen som bakteppe.

Publisert Sist oppdatert

Har du komme i julestemning? For min del er eg ikkje i nærleiken, skal eg vere ærleg. For det første er det enno ikkje snø der eg bur. Vanlegvis hopar det seg opp i starten av desember. No er det berre grått slaps overalt.

Eg veit ikkje om vi kan skulde på global oppvarming, eller om det berre er tilfeldig. Men jule- og nyttårspynten og juletrea som er på plass overalt, ser litt malplasserte ut mot det sølete bakteppet.

Malplassert, ja. Det er assosiasjonen ein får når ein ser tilbake på jule- og nyttårsfeiringa i Russland dei siste tre åra. Det er som om styresmaktene – både dei statlege og dei regionale – er fanga mellom to brannar. På den eine sida vil dei ikkje ta høgtida og gleda frå folk; på grunn av krigen er både den psykiske og den økonomiske stoda ganske dyster, og styresmaktene ønsker på eit vis å kompensere for det.

På den andre sida blir innbyggarane heile tida påminte at det er krig, og at dei må vise måtehald og ikkje leve i luksus i det sivile så lenge russiske soldatar sit i skyttargravene.

Det er fjerde året på rad at styresmaktene har dette standpunktet: Vi må feire, men ikkje heilhjarta, berre halvvegs, ikkje altfor lystig.

Eg har tidlegare nemnt at årets jule- og nyttårsferie er uvanleg lang – nesten to veker. Men han blir utan glitter og glans.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement