Vil vere strengare mot kriminelle

– Vi har misforstått totalt korleis somme av dei kriminelle ungdomane må møtast, seier Høgres justispolitiske talsperson, Peter Frølich.

Høgres justispolitiske talsperson Peter Frølich trur ikkje det går å redusere ungdoms- og gjengkriminaliteten for alltid. – Målet må vere at vi klarar å halde utviklinga nokolunde i sjakk, seier han.
Høgres justispolitiske talsperson Peter Frølich trur ikkje det går å redusere ungdoms- og gjengkriminaliteten for alltid. – Målet må vere at vi klarar å halde utviklinga nokolunde i sjakk, seier han.

– Vi har altfor lenge lulla oss inn i ei førestilling om at alt ordnar seg om vi berre er mjuke, snille og trur på dialogen, seier Høgres justispolitiske talsperson Peter Frølich.

Dei siste åras auke i ungdomskriminaliteten har medført ny politisk diskusjon om både straffeformer og kriminalitetsførebygging. Regjeringa har i Granavolden-erklæringa varsla at det kjem ein ny handlingsplan mot barne- og ungdomskriminalitet, at dei vil styrke samarbeidet mellom politi, barnevern og skule og opprette eit gjengprosjekt som skal jobbe med å hindre gjengkriminalitet, og fleire andre tiltak.

Frølich, som er utdanna jurist, seier det må tydelegare grensesetting og raskare og meir merkbare konsekvensar til for kriminelle mindreårige.

– Vi har misforstått totalt korleis somme av dei kriminelle ungdomane må møtast. Mjuke verkemiddel fungerer nok for rundt 70–80 prosent av dei, men enkelte responderer ikkje på det i det heile. Eg trur det å verte møtt med tydeleg respons frå samfunnet tidleg, kan vere ei blessing in disguise for fleire, seier han.

– Litt sånn Lilyhammer

Det er ei lita gruppe unge som går att i kriminalitetsstatistikken. Som Dag og Tid har skrive om tidlegare, vart det i fjor registrert 182 unge gjengangarkriminelle under 18 år i Oslo, og Oslo-politiet har bede om lovendringar som gjer det mogleg å straffe dei verste gjengangarane hardare enn i dag, mellom anna ved å fengsle fleire under 18 år.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement