Vil vere strengare mot kriminelle
– Vi har misforstått totalt korleis somme av dei kriminelle ungdomane må møtast, seier Høgres justispolitiske talsperson, Peter Frølich.
Høgres justispolitiske talsperson Peter Frølich trur ikkje det går å redusere ungdoms- og gjengkriminaliteten for alltid. – Målet må vere at vi klarar å halde utviklinga nokolunde i sjakk, seier han.
Foto: Vidar Ruud / NTB scanpix
Auke i ungdomskriminaliteten
Etter eit drygt tiår med nedgang auka talet på registrerte straffbare forhold blant unge under 18 år med nær 20 prosent frå 2016 til 2018.
I Oslo aukar talet på unge gjengangarar, og kriminaliteten dei unge gjengangarane står for, er meir enn dobla sidan 2015.
Mindreårige over den kriminelle lågalderen på 15 år kan dømmast til ungdomsstraff, samfunnsstraff eller fengsel. For mindre alvorlege lovbrot kan ungdomar òg få ungdomsoppfølging.
Bakgrunn
Ungdom og straff
Dag og Tid ser i ein serie saker på ungdomskriminalitet og straff.
24. mai: Regjeringa vil fengsle fleire unge
31. mai: Nabolanda sperrar inne fleire unge
14. juni: Soning som gjev meining
Denne veka: Vil vere strengare mot kriminelle

Ungdomskriminalitet
eva@dagogtid.no
– Vi har altfor lenge lulla oss inn i ei førestilling om at alt ordnar seg om vi berre er mjuke, snille og trur på dialogen, seier Høgres justispolitiske talsperson Peter Frølich.
Dei siste åras auke i ungdomskriminaliteten har medført ny politisk diskusjon om både straffeformer og kriminalitetsførebygging. Regjeringa har i Granavolden-erklæringa varsla at det kjem ein ny handlingsplan mot barne- og ungdomskriminalitet, at dei vil styrke samarbeidet mellom politi, barnevern og skule og opprette eit gjengprosjekt som skal jobbe med å hindre gjengkriminalitet, og fleire andre tiltak.
Frølich, som er utdanna jurist, seier det må tydelegare grensesetting og raskare og meir merkbare konsekvensar til for kriminelle mindreårige.
– Vi har misforstått totalt korleis somme av dei kriminelle ungdomane må møtast. Mjuke verkemiddel fungerer nok for rundt 70–80 prosent av dei, men enkelte responderer ikkje på det i det heile. Eg trur det å verte møtt med tydeleg respons frå samfunnet tidleg, kan vere ei blessing in disguise for fleire, seier han.
– Litt sånn Lilyhammer
Det er ei lita gruppe unge som går att i kriminalitetsstatistikken. Som Dag og Tid har skrive om tidlegare, vart det i fjor registrert 182 unge gjengangarkriminelle under 18 år i Oslo, og Oslo-politiet har bede om lovendringar som gjer det mogleg å straffe dei verste gjengangarane hardare enn i dag, mellom anna ved å fengsle fleire under 18 år.
Fram til 2012 vart årleg over 70 ungdomar sette i fengsel, men dette talet er meir enn halvert etter innføringa av ungdomsstraff som alternativ til fengsel og ungdomsoppfølging for mindre alvorlege lovbrot i 2014. Både ungdomsstraff og ungdomsoppfølging vert gjennomført i fridom.
I stortingsmeldingar har gjennomgangstonen heilt tilbake til 70-åra vore at bruken av fengselsstraff generelt skal reduserast, til fordel for meir kriminalitetsførebyggjande arbeid og alternativ som konfliktråd, samfunnsstraff og elektronisk overvaking.
Frølich seier han heilt og fullt trur på denne mjukare måten å nærme seg ungdomskriminaliteten på, og han meiner det er eit nederlag å fengsle fleire. Likevel er han viss på at det i fleire tilfelle enn i dag er det som må til. Han meiner soning i fengsel både kan hjelpe den enkelte unge lovbrytaren, som vert teken ut av situasjonen og miljøet han har hamna i, og syne andre unge lovbrytarar at kriminell oppførsel og handlingar får konsekvensar.
– Det har vorte litt sånn Lilyhammer. Politiet har kjent seg heilt makteslause overfor desse gjengangarane og har ikkje verkemiddel for å kunne handtere dei, seier han.
– Korleis har vi kome dit etter seks år med Frp og Høgre i regjering?
–?Det har vore ei overdriven tru på at ungdomsstraffa var den ultimate løysinga, og det har vore unyansert. Det å setje offer og gjerningsperson saman i same rom, slik Konfliktrådet gjer, kan gje utrulege resultat, men enkelte unge lovbrytarar har ein aggressivitet og eit valdspotensial som fordrar ein annan respons.
– Gjort mykje feil
Nordlandsforsking har på oppdrag frå Justis- og beredskapsdepartementet evaluert ungdomsstraffordninga og det som vert kalla ungdomsoppfølging, som gjeld for mindre alvorlege lovbrot. Evalueringa kjem med forslag om både endringar av praksis og lovendringar, og er ferdig, men ventar på godkjenning frå departementet, ifølgje forskar I Therese Andrews ved Nordlandsforsking, som har leia prosjektet det siste året.
Ho stadfestar at ungdomsstraff «krev enormt mykje» av ungdomen og ikkje passar for alle. Ei anna utfordring er at det tek svært lang tid frå lovbrotet vert gjort til ei ungdomsstraffsak er klar og sett i gang. Departementet har stadfesta at det skal følgje opp forslaga i evalueringsrapporten og gjere justeringar i dagens regelverk, slik at straffereaksjonane i større grad verkar etter føremålet.
Ifølgje Frølich er det derimot ikkje berre utforminga av ungdomsstraffa som gjer at ho ikkje har fungert for alle.
– Dette handlar nok òg til dels om demografi, innvandring og integrering, der det rett og slett er gjort mykje feil. Vi har på nokre stader fått ein for stor konsentrasjon av personar med ein annan kultur, som ikkje nødvendigvis ser på styresmakter og politi som noko positivt, og som ikkje nødvendigvis har same forhold til lovar og reglar. Når slike haldningar får spreie seg utan korreksjon, vert det fort eit problem. Kombinert med fattigdom og ei kjensle av å vere utstøytt, og høve til å få tilgang til lette pengar, kan dette verte ein eksplosiv cocktail, seier han.
Vil setje grenser
– Kva gjer fengsel til ei betre løysing for dei som ungdomsstraffa ikkje passar for?
– Alt er relativt. Det er ikkje ein lukkesituasjon å hamne i fengsel, men for dei som er heilt ute å køyre, er valdelege mot andre, truar omgjevnadene og skadar samfunnet, trur eg den beste omsorga ein kan syne, er å setje foten ned og setje grenser. Nokre av dei har mest truleg aldri hatt nokon i livet som låser døra for dei og seier at nok er nok. Og dei fengselsplassane vi har for ungdom, er dei dyraste fengselsplassane i Noreg, kanskje òg i verda. Dei har svært mange tilsette og tett oppfølging.
– Men på 18-årsdagen må dei ut og over i vaksenfengsel, som er noko ganske anna.
– Ja, og grunnen til det er at barnekonvensjonen seier at barn ikkje skal sone med vaksne. Og i den augneblinken ein 17-åring sit fengsla saman med ein 18-åring, så sonar han per definisjon med ein vaksen. Det høyrest firkanta ut, men det er ein heilag regel.
– Burde det ikkje lagast eit mellomløysing, for å hindre overføring direkte til vaksenfengsel?
– Jo, men førebels trur eg ikkje problemet er stort nok til at vi har byrja å sjå på løysingar for det. Men det er noko vi ønskjer å unngå, for det er ein ganske tøff overgang.
Uniformert politi
Meir bruk av fengsel for unge og justeringar i ordninga med ungdomsstraff er derimot berre nokre av tiltaka som trengst no, ifølgje Frølich. Han meiner det òg må hardare lut til i det kriminalitetsførebyggjande arbeidet blant ungdom.
– Førebygging bør vere noko meir enn ungdomsklubbar og fritidsaktivitetar. Eg trur på førebygging i meir utvida perspektiv, med meir politi som er ute blant ungdomen, gjer seg kjende med dei og set grenser. Det har vorte ein trend i politiet at dei skal kle seg i sivil, for ikkje å synast og for å prøve å gli inn, men eg trur folk har godt av å sjå uniformert politi ute i gatene og i det førebyggjande arbeidet retta mot unge. Politiet må vere litt meir politi, seier han.
I tillegg har han tru på at det nyttar å gjere det enklare å inndra økonomisk utbyte frå kriminalitet, noko både stortingsfleirtalet og regjeringa har gått inn for. Frølich har laga eit framlegg til modell for korleis det kan gjerast, som han håpar å få samarbeidspartia med på. Modellen byggjer på erfaringar frå Irland, der det er oppretta eit eige Criminal Assets Bureau, som er uavhengig av politiet.
– Fleire av dei verste gjengangarane har status som følgje av synleg rikdom som dei kan skryte av. Vi kan ikkje akseptere at nokon går rundt som småkongar og inspirerer den oppveksande generasjon til å verte like ille som dei.
– Når dette er så sjølvsagt, kvifor er det ikkje gjort før?
– Det er vanskeleg å gjennomføre inndraginga med regelverket vi har i dag, gjennom det strafferettslege sporet. Då må den det gjeld, vere funnen skuldig i å ha gjort noko straffbart, og det må finnast prov som utover ein kvar rimeleg tvil knyter verdiane til det straffbare forholdet. Det har synt seg å vere vanskeleg i praksis. Eg trur vi må gå for ei sivilrettsleg inndraging, der beviskravet er lågare. Då kan sivile styresmakter til dømes krevje at den det gjeld, gjer det sannsynslig, på overtydande vis, kvar pengane til Rolex-klokka til ein halv million kjem frå. Gjer han eller ho ikkje det, kan staten ta klokka, men dei kan ikkje fengsle, seier han.
Lovendring, ikkje pengar
Opphaldsforbod som hindrar lovbrytarar i å flytte tilbake til gamle trakter og miljø etter soning, er òg blant tiltaka regjeringa vurderer.
Førre veke intervjua Dag og Tid to innsette i Indre Østfold fengsel i Eidsberg, som begge har bakgrunn frå gjengmiljø i Oslo. Dei meinte opphaldsforbod ville medføre at kriminaliteten berre flytta til nye område. Frølich trur derimot det kan hjelpe å flytte folk frå ein bydel til ein annan.
– Det kan vere nok. Eg trur ikkje det er slik at du må heilt til Kautokeino for å byrje ein nytt liv, seier han.
Han er òg overtydd om at det er lovendringar og nye måtar å gjere ting på, ikkje meir pengar til politiet, som er vegen å gå for å motverke ungdoms- og gjengkriminalitet.
– Vi har alt auka finansieringa av politiet, og i tillegg er det øyremerkt midlar til kampen mot kriminalitet. No må vi spørje oss kva vi får ut av midlane, og då trur eg det er heilt andre ting som gjeld. Eg trur lovendringar er det som kan gje arbeidet mot kriminalitet vind i segla, og det er regjeringa i ferd med å stette på fleire felt.
– Kvifor er ikkje det gjort før?
– Både fordi vi har vore mindretalsregjering, med mindre høve til å kunne planleggje kva heimlar vi kan få gjennomslag for. Ei mindretalsregjering som prøvar å vere tough on crime, vert nesten alltid røysta ned. Men mest fordi det er no problema er komne til overflata. Vi har ikkje over lang tid fått åtvaringar frå politiet om at dette kunne skje. Det er problemet med justispolitikken. Nye kriminelle fenomen vil alltid liggje litt framom, og så kjem politikken etterpå.
– Vil du avvise at det har noko med det hyppige skiftet av justisministrar å gjere?
– Ja, det har lite med saka å gjere. Embetsverket har jobba kontinuerleg, og tiltaka dei jobbar med no, er bestillingar som er uavhengige av skiftet av justisministrar.
– Kor lang tid kjem det til å gå før vi ser betringar av tiltaka regjeringa no jobbar med?
–?Eg vil ikkje vere parodien på ein politikar og love gull og grøne skogar. Eg trur ein del av ungdoms- og gjengkriminaliteten kjem til å gå i bølgjer. No finst det 10-, 11- og 12-åringar som ser opp til kriminelle storebrør på 17 og 18, og som vil verte neste generasjon om vi ikkje klarar å stoppe dei. Målet må vere at vi klarar å halde utviklinga nokolunde i sjakk og syte for at det ikkje spreier seg til andre byar. Klarar vi å isolere problemet til Oslo, kan vi både klare å handtere kriminaliteten og kanskje òg hjelpe ein god del av dei unge ut av ein kriminell løpebane, seier Frølich.
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

– Det har vorte litt sånn Lilyhammer. Politiet har kjent seg heilt makteslause.
Peter Frølich, justispolitisk talsperson i Høgre
Fleire artiklar
Ole Paus døydde før sjølvbiografien var ferdigskriven.
Foto: Nina Djæff
Eit sandkorn i maskineriet
Ole Paus skriv mest om slektsbakgrunn og mindre om artistkarrieren i sjølvbiografien sin, men det forklarar likevel mennesket Ole Paus.
Eit hus i Ål kommune vart teke av jordskred under ekstremvêret "Hans" i august i fjor.
Foto: Frederik Ringnes / NTB
Husforsikring i hardt vêr
Kan klimaendringane føre til at også norske heimar blir umoglege å forsikre?
Folkerørsla for lokalsjukehusa demonstrerer mot helseføretakmodellen utanfor Stortinget i 2017.
Foto: Håkon Mosvold Larsen / NTB
Vestre må avslutte konflikter og beklage
«Svært mange av de 300.000 som jobber i Helse-
vesenet, merker daglig følgene av Helseforetaks-
modellen som nå videreføres av Ap og Sp.»
Teikning: May Linn Clement
Tid for realitetsorientering
Valet av Donald Trump til president er ikkje noka tilfeldig ulukke, men ei fylgje av dårleg politisk handverk gjennom lang tid.
James Rebanks på Lillehammer sist veke.
Foto: Morten A. Strøksnes
Ein mann for alle årstider
LILLEHAMMER: Etter å ha skrive to svært populære bøker om landbruk og sauehald hamna James Rebanks i ei krise som førte han til eit dunvær på Helgeland.