JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

Samfunn

Vil vere ei foreining for både liten og stor

Norges Fiskarlag vil framleis vareta interessene til både små og store fiskarar, forsikrar generalsekretær Otto Gregussen.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
3497
20201023
3497
20201023

– Vi må ta til etterretning at det er eit ønske i Fiskarlaget Nord om å gå ut av Fiskarlaget, og vi vil ha ein god og konstruktiv prosess, seier Otto Gregussen, generalsekretær i Norges Fiskarlag.

Han kjem rett frå landsstyremøte i Trondheim, der utmeldingsvedtaket i Fiskarlaget Nord naturleg nok stod på dagsordenen. Landsstyret erkjenner at det er «behov for endringer i organisasjonen Fiskarlag», heitte det i fråsegna frå møtet.

– Skjøner du frustrasjonen i Fiskarlaget Nord over lina Norges Fiskarlag har ført?

– Det kan eg ikkje kommentere. Alle standpunkt i Norges Fiskarlag er resultat av omforeinte demokratiske prosessar. Om nokon ikkje likar resultatet, må vi berre ta det til etterretning.

– Om Fiskarlaget Nord går ut, er det alvorleg for Norges Fiskarlag?

– Eg kan ikkje seie anna enn at det er alvorleg. Det er veldig trist om nokre av medlemene føler at interessene deira ikkje er godt nok varetekne i Fiskarlaget.

– Med så ulike interesser som dei små kystfiskarane og dei store reiarlaga har – er det mogleg for ei foreining å representere dei alle?

– Fiskarlaget har jo praktisert det sidan 1926, så eg meiner det er mogleg. Det er openbert at liten og stor ikkje alltid har same interesser. Men norske fiskarar har likevel hatt interesse av å ha ei samlande foreining.

– Som den store foreininga for fiskarane har Fiskarlaget hatt makt. De har hatt stor påverknad på fiskeripolitikken?

– Ja. Men makta har òg ein tvilling som heiter ansvar. Og vi har lukkast med å endre næringa frå å vere eit stort subsidiesluk på 1990-talet til ei lønsam næring i dag. Også i ressursforvaltinga er fiskeria ei suksesshistorie. Fangstkapasiteten er no berekraftig sett i høve til ressursgrunnlaget.

– Dei store båtane i kystflåten har no ein effektivitet som ikkje står særleg attende for den havgåande flåten. Har utviklinga gått for langt?

– Det er ingen tvil om at utviklinga i kystflåten har gjeve fleire ganske store båtar, og det er eit resultat av politiske vedtak. Staten ville ikkje betale for å kjøpe ut båtar frå næringa. I staden har fiskarane fått samle kvotar på færre fartøy. Resultatet blir da at kvotane hamnar på færre hender.

– Om Fiskarlaget Nord går ut, kva gjer det med legitimiteten til Norges Fiskarlag som talerøyr for norske fiskarar?

– Fiskarlaget har som mål å samle alle fiskarar i ein organisasjon. Om nokon går ut, svekkjer det Fiskarlaget.

–?Og om kystfiskarane i Troms og Finnmark går ut, blir dei store reiarane meir dominerande i laget?

– Det vil framleis vere både små og store båtar med i Fiskarlaget. Vi skal prøve å vareta interessene til alle.

– Kor mange medlemer har de eigentleg?

– Fiskarlaget har både personar og reiarlag som medlemer. Vi har kring 2000 reiarlag og 4400 personar som medlemer.

– Om kring 20 prosent av medlemene går ut, er det ei dramatisk avskaling?

–?Tala spelar inga rolle. Når nokon forsvinn ut av Fiskarlaget, er det uansett trist og beklageleg.

– Kor mange av dei 4400 personmedlemene dykkar er betalande medlemer, og kor mange er aktive fiskarar?

– Talet inkluderer både fullt betalande medlemer, pensjonistar, uføre og studentar. Vi følgjer ikkje med på kor kvar medlem er. Vi er ein organisasjon for alle fiskarar uansett, seier Otto Gregussen.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

– Eg kan ikkje seie anna enn at det er alvorleg.

Otto Gregussen, generalsekretær i Norges
Fiskarlag

Emneknaggar

Fleire artiklar

Høgpatogen fugleinfluensa spreier seg stadig og har no råka mjølkekyr i USA.

Foto: Rodrigo Abd / AP / NTB

DyrFeature

Influensa-alarm

I mars i år blei det slått full smittealarm i USA. Fugleinfluensa er no funne i meir enn 40 mjølkekubesetningar frå ti ulike delstatar.

Arve Nilsen

Emma (Fanny L. Bornedal) arbeider som nattevakt ved rettsmedisinsk institutt, der foreldra i si tid vart utsette for drapsforsøk.

Foto: Another World Entertainment

FilmMeldingar
Brit Aksnes

Skrekkeleg skuffande

Likte du Nattevakten, kjem du ikkje til å elska Nattevakten: Demoner går i arv, dersom det var det du håpte på.

Som låtskrivar er Jessica Pratt meir oppteken av stemningar enn forteljingar, meiner Øyvind Vågnes.

Foto: Samuel Hess

MusikkMeldingar
Øyvind Vågnes

Mindre er meir

Den nye plata til Jessica Pratt, Here in the Pitch, er hennar beste så langt.

Blaz (Aristote Luyindula) (t.v.) har ikkje stor tiltru til systemet, men aktivisten Haby (Anta Diaw) kjempar for å forbetre tilhøva i den falleferdige bustadblokka deira.

Foto: Laurent le Crabe

FilmMeldingar
Håkon Tveit

Oppussinga

Ladj Ly lenar seg mot melodrama etter ein rå debut.

Det er tradisjon for at reisande pyntar opp kupeane sine på Doguekspressen.

ReportasjeFeature

Doguekspressen

ANATOLIA: Sett frå ein togkupé midt inne i landet blir Tyrkia ubegripeleg.

Ida Lødemel Tvedt

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis