Aust-Europa

Vil sikre Belarus ein plass ved bordet

VILNIUS: Krigen i Ukraina har gjort Belarus stadig meir avhengig av Russland. Men det blir ikkje fred i Aust-Europa utan maktskifte i Minsk, meiner den tidlegare presidentkandidaten Svjatlana Tsikhanowskaja.

Mange analytikarar reknar med at Svjatlana Tsikhanowskaja vann valet mot president Aljaksandar Lukasjenka i 2020. Sjølv blei ho tvinga i eksil, der ho held fram med å kjempe for eit demokratisk Belarus.
Publisert Sist oppdatert

Høyr artikkelen:

Frå Vilnius til den belarusiske grensa er det berre 35 kilometer. Men for dei kring 62.000 belarusarane som bur i Litauen, er avstanden likevel uoverkommeleg. På den andre sida av grensa styrer Aljaksandar Lukasjenka Belarus med hard hand. Det har han gjort sidan 1994. Ingen har sete lenger ved makta i Europa enn han. Fleire hundre tusen belarusarar har drege i eksil dei siste åra, i takt med at Lukasjenka-regimet har blitt stadig meir autoritært.

Bakgrunn

Svjatlana Tsikhanowskaja (fødd 1982) er belarusisk demokratiforkjempar. Då ektemannen blei arrestert og hindra i å delta i presidentvalet i 2020, blei ho kandidat i staden.

Då den sitjande presidenten Aljaksandar Lukasjenka blei utropt til vinnar, utløyste det masseprotestar og streikar der over tusen blei arresterte.

Tsikhanowskaja blei tvinga i eksil i Vilnius. Der held ho held fram med å leie den belarusiske demokratirørsla. I 2021 blei ho nominert til Nobels fredspris.

Svjatlana Tsikhanowskaja held fram arbeidet for eit anna Belarus frå Vilnius. Demokratirørsla rundt ho bygger opp alternative institusjonar, og Tsikhanowskaja sjølv møter statsleiarar og politikarar frå heile verda for å samle støtte. Eit par dagar før intervjuet i Vilnius møtte ho Ursula von der Leyen i Aachen, same månaden snakka ho òg med både Macron, Meloni og Nato-generalsekretær Mark Rutte under eit toppmøte i Albania. For europeiske land er den belarusiske demokratirørsla ein viktig partnar, og EU er på si side den viktigaste støttespelaren deira.

Ingen har sete med makta lenger i Europa enn Aljaksandar Lukasjenka. Gjennom heile mi levetid har han styrt Belarus, sidan 1994. «Europas siste diktator», blir han ofte kalla i internasjonale medium, sjølv om han no har fått selskap av Putin i Moskva.

Men autoritære maktsystem er aldri så stabile som dei kan verke på yta. Heilt uventa kan undertrykt frustrasjon eksplodere i masseprotestar, og sjølv strukturar som hittil verka forsteina, kan byrje å vakle. Nett dette hende rett før Belarus skulle ha presidentval i 2020. Det året hadde hadde presidenten rydda seriøse utfordrarar av banen på førehand, slik han plar gjere. Men denne gongen gjekk ikkje ting som planlagt.

Tvinga i eksil

Då Lukasjenka-regimet fengsla den opposisjonelle YouTube-bloggaren Siarhjej Tsikhanowski, som ville stille som presidentkandidat, samla demokratirørsla seg i staden bak kona hans, Svjatlana Tsikhanowskaja. Valresultatet var omstritt, og sjølv om Lukasjenka hevdar at han vann med 80 prosent, er det fleire uavhengige forskarar som meiner Tsikhanowskaja eigentleg fekk fleirtalet av røystene. Sjølv blei ho tvinga i eksil i Vilnius nokre dagar etter valet, medan styresmaktene slo brutalt ned på masseprotestar og streikar. Frå Litauen held Tsikhanowskaja fram kampen for eit demokratisk Belarus.

Ho er ikkje åleine. Sidan den gongen har fleire hundre tusen forlate Belarus. Dei største eksilsamfunna finn ein i Polen og Litauen, i kort avstand frå heimlandet, men utan å kunne kome seg inn. Etter at Russland invaderte Ukraina i 2022, har landet blitt stadig meir isolert, og regimet er stadig meir avhengig av støtte frå Putin. Rett nok er ikkje Belarus offisielt med i krigen, men Putin fekk flytte invasjonsstyrkar gjennom landet då han freista ta Kyiv i 2022. Stadig leverer Belarus ammunisjon til Russland, medan Kreml på si side har utstasjonert taktiske atomvåpen der, i kort avstand til både EU og Kyiv.

Og Lukasjenka sjølv? Han blei attvald som president for eit halvt år sidan, med nesten 87 prosent av røystene, ifølgje valkommisjonen. Denne gongen hadde han ingen reelle motkandidatar: Den demokratiske kandidaten hadde alt sete i fengsel i to år. Og på andre plass hamna ein Stalin-nostalgikar som uttrykte støtte til Lukasjenka gjennom heile valkampen.

Trass i alt dette vil ikkje Svjatlana Tsikhanowskaja gi opp.

– I dette presidentvalet var det ikkje store protestar, slik som då du stilte for fem år sidan. Kva trur du var annleis denne gongen?

– Alt er annleis. Sidan 2020 har Lukasjenka og regimet hans trakassert og truga folk. Tusenvis av menneske har blitt fengsla, og fleire hundre tusen har flykta frå landet på grunn av undertrykkinga, som no er på eit nivå vi ikkje har sett tidlegare. Grunnen til at dei kjempar mot demokratiske krefter, er at dei veit at folk ikkje har snudd. Motstanden gjekk berre under jorda. Til og med folk som arbeider for styresmaktene, sender informasjon ut av landet om korleis Lukasjenka freistar omgå sanksjonar, korleis regimet tener pengar på krigen, og om kva som hender i media og i skulesystemet. Belarusarane førebur seg på neste gong dei kan demonstrere i gatene att. Men det er viktig å hugse på at ein revolusjon ikkje berre handlar om spontane gateprotestar: Han krev systematisk kommunikasjon med folk over tid.

– Korleis?

– Vi nyttar alternative kommunikasjonskanalar, ettersom alle uavhengige medium inne i Belarus er blitt stengde og har måtta flytte verksemda til utlandet. Nett no er YouTube-bloggarar populære. TikTok er òg nyttig. Ein av kanalane der har tre millionar daglege brukarar i Belarus. Men folk må likevel vere forsiktige, for slike bloggarar og medium blir kategoriserte som ekstremistiske eller terroristiske av regimet. Derfor vel mange å nytte ulike VPN-tenester og å slette søkehistorikken sin. Andre har òg to ulike mobilar, slik at dei ikkje kan bli spora.

Jukset i presidentvalet i 2020 utløyste dei største demonstrasjonane i historia til Belarus. Biletet er frå Sjølvstendeplassen i Minsk 23. august 2020.

Forsvinninga

Lukasjenka-regimet nyttar både digitale og rettslege verkemiddel for å halde demokratirørsla nede. Tysdag blei TikTok-kontoen til Tsikhanowskaja utilgjengeleg i Belarus. Samstundes sit det nett no kring 1200 politiske fangar i Belarus. Ein av dei er Ales Bjaljatski, som fekk Nobels fredspris i 2022. Også avisredaktøren Andrej Dynko, som har skrive for Dag og Tid fleire gonger, har vore arrestert. «Akrestsina-fengselet er sanneleg eit torturkammer», sa han om soningsforholda. Fleire uavhengige medium rapporterer om at fangar blir torturerte.

Ektemannen til Tsikhanowskaja har vore fengsla sidan 2020.

– Politiske fangar er det mest krevjande vi jobbar med, og for meg er denne sorga privat. I slutten av mai var det fem år sidan han blei arrestert. Eg går ut frå at han har sete i isolat heile tida utan å kunne kommunisere med andre. Vi har ikkje høyrt frå han på meir enn to år, ikkje hatt kontakt gjennom brev, heller ikkje gjennom advokaten hans. Ti andre menneske er i den same situasjonen. Eg trur regimet både vil legge ei bør på vener og familie og samtidig ta frå fangane trua på at det er nokon som bryr seg om dei. Men det er krevjande å forklare barn at faren deira sannsynlegvis framleis er i live.

– Lukasjenka har freista splitte demokratirørsla, mellom anna ved å trekke eit skilje mellom dei som flykta utanlands, og dei som blei verande i landet. Korleis held de opposisjonen samla?

– Ofte er det slik at utanlandske medium kallar oss opposisjon. Det er ikkje heilt rett, for opposisjon er ein normal del av demokratiet. For oss er det annleis, for vi driv ikkje politikk på same vilkår som regimet i Minsk. I staden er vi ei demokratisk rørsle, og det er det som gir oss oppslutning. Vi vil ha endring: Vi vil ikkje vere eit haleheng til Russland lenger, og vi ønsker ei europeisk framtid for landet vårt. Sjølvsagt kan vi ha ulike syn på ting, slik som korleis vi skal gå fram for å få politiske fangar lauslatne, eller korleis vi skal lage ei ny grunnlov, men målet vårt er felles.

– Men Lukasjenka freistar stadig å skape spenningar internt i opposisjonen?

– Ja, vi ser forsøk frå den belarusiske etterretningstenesta, KGB, på å skape spenningar mellom belarusarar i eksil og den lokale folkesetnaden i til dømes Litauen og Polen. Lukasjenka nyttar store ressursar på dette. KGB freistar å få lokalbefolkninga i land som Litauen og Polen til å spørje seg om det er i deira interesse å hjelpe demokratirørsla i Belarus. Dei skyt inn i vindauga til belarusiske organisasjonar òg, eller sender spionar som har i oppgåve å lage provokasjonar og splitte oss. Heldigvis samarbeider vi godt med regjeringane i Litauen og Polen for å motverke dette. I Litauen freistar dei til og med å spreie eit bilete av at belarusarar vil invadere og annektere Vilnius.

Enkelte belarusiske nasjonalistar hevdar at den litauiske hovudstaden høyrer inn under Belarus. Dette har både Tsikhanowskaja og demokratirørsla rundt henne tatt sterk avstand frå.

Russifisering

Fram til nyleg har USA vore ein av dei viktigaste støttespelarane for demokratirørsla, både i Belarus og elles i Aust-Europa. Store delar av budsjettet til USAID, den føderale bistandsetaten, gjekk til å bygge demokratiforståing og uavhengige medium i regionen. Slik blei til dømes den offentlege amerikanske kringkastaren Radio Free Europe ei viktig, uavhengig nyhendekjelde både i Belarus og i Ukraina. Men då Trump kom til makta, fraus den amerikanske regjeringa alle overføringar til utlandet.

– Dette har stor innverknad på kapasiteten vår. Mange ikkje-statlege organisasjonar, medium og andre sivile organisasjonar som jobbar med Belarus, må anten skalere ned arbeidet sitt eller stenge. No har EU tatt eit større ansvar for finansieringa, men vi freistar forklare dei amerikanske partnarane våre at det også er i deira interesse å støtte arbeidet vårt. Får vi ikkje støtte, blir vi mindre synlege, og det vil gi meir plass til propagandistar. Sjølv om vi freistar å få europeiske land til å kompensere for at den amerikanske støtta fell bort, må vi nok kutte ned på utdannings- og kulturprogramma våre. Samstundes er nett dei viktige for å ta vare på den nasjonale identiteten vår.

– Det har blitt hevda at Lukasjenka undergrev den belarusiske identiteten?

– Ja. Han sel landet vårt til Russland i byte mot politisk og økonomisk støtte. No står vegskilta og gatenamna i Belarus på russisk, ikkje belarusisk. Språket er mindre til stades i skulen òg. Det er å utslette den nasjonale eigenarten til Belarus, nett som russarane har freista å gjere i Ukraina, der dei mellom anna har øydelagt ukrainsk kulturarv.

Sidan 2020 har president Aljaksandar Lukasjenka (til venstre) vore heilt avhengig av Russland og Vladimir Putin for å halde seg ved makta. Biletet er frå 80-årsdagen for sigeren over Nazi-Tyskland 9. mai i år.

Statist i eigen stat

Samstundes blir heimlandet stadig tettare integrert i den russiske maktsfæren. Lukasjenka sit med støtte frå Putin og er stadig mindre herre i eige hus. Det gjeld forresten ikkje berre andsynes Kreml: I fjor sommar hadde Belarus også ei fellesøving med Kina, ikkje langt unna den polske grensa.

– Er det verkeleg mogleg å velte Lukasjenka så lenge Putin sit ved makta?

– Godt spørsmål. Ofte høyrer eg folk seie at det ikkje kan kome ei regimeendring i Belarus før vi ser det same i Russland. Men eg trur det er motsett: Ei regimeendring i Russland kan fort kome til å byrje i Belarus. I 2020 såg vi at protestane spreidde seg frå Belarus til Russland, og det var demonstrasjonar både i Moskva og fleire andre byar. Eigentleg skal det mindre til for å få til ei endring i Belarus, for landet er mykje mindre og meir konsolidert enn Russland. Meiningsmålingar syner at berre 4 prosent av belarusarane ønsker ein eventuell union med Russland, samstundes som berre 4 prosent støttar invasjonen av Ukraina. Derfor er det viktig at vi mobiliserer: Klarer vi å styrte Lukasjenka, vil vi òg syne innbyggarane i større land at det er mogleg å få til ei endring.

– Fryktar du ikkje at regimet svarer med vald, slik som på Majdan i Kyiv i 2014?

– Når folk nemnar Majdan, ser dei ut til å tru at det alltid må vere vald involvert når ein styrtar eit regime. Men vi vil ha ein fredfull overgang gjennom forhandlingar og rundebordssamtalar. Sjølv er eg inspirert av Solidaritet-rørsla i Polen. Vi er ikkje mot nokon: Vi snakkar òg med regimetilhengarar, tilmed dei som har prorussiske haldningar, for vi vil ikkje framandgjere folk som er usamde i demokratiseringa.

Amerikansk skifte

Då Tsikhanowskaja leia protestane mot Lukasjenka i 2020, var Trump president. Den gongen støtta regjeringa hans opp om demokratirørsla. Denne gongen er ting meir tvitydig: Trump inkluderte ikkje Belarus eller Russland i tollregimet sitt. I januar hadde det amerikanske embetsverket direkte kontakt med Lukasjenka-regimet for første gong på fem år.

– Korleis er samarbeidet med USA no?

– Trump var med på dei internasjonale reaksjonane mot Lukasjenka i 2020, og han har aldri anerkjent resultatet av presidentvalet i Belarus. Men vi ser at tilnærminga hans har endra seg. Nett no trur eg ikkje Belarus er på dagsordenen hans. Samstundes er det jo i amerikansk interesse å støtte opp om eit fritt og uavhengig Belarus, for landet kan bli eit trugsmål mot Nato. Utan eit demokratisk Belarus kan ein ikkje få varig fred i Aust-Europa heller. Ingen kan vere trygge på at den neste militærøvinga i Belarus kan ende med eit åtak på Ukraina eller Suwalki-korridoren. Vi kan ikkje stole på diktatorar: Lèt vi dei vinne, vil dei berre gå lenger og lenger. Det er som å kjempe mot sjukdom, ein kreftsvulst som ikkje må få vekse seg større.

– Denne veka møtte ukrainske og russiske styresmakter kvarandre i Istanbul for å forhandle om fred. Kva vil du seie til dei?

– At belarusarar fryktar å bli gløymde i fredsforhandlingane, og at folk trur dei kan ta hand om Ukraina først, deretter Belarus. Det kjem ikkje til å fungere. Russiske troppar må ut av Belarus, ikkje berre Ukraina. Det same gjeld dei kjernefysiske våpena russarane har utplassert. Derfor treng vi ei røyst ved forhandlingsbordet. Gjer vi ikkje noko no, vil EU halde fram med å oppleve stadige provokasjonar langs grensa, slik dei gjer no.

– Belarus blei ofte kalla det siste diktaturet i Europa. No verkar det meir som om Lukasjenka har vore ein føregangsfigur for andre autoritære krefter i Europa?

– Det er vanskeleg å innrømme, men det er nok slik. Modellen til Lukasjenka kan vere attraktiv for andre leiarar òg, for han lèt leiaren styre så lenge han vil. Og det er berre demokratiske prinsipp som held tilbake ønsket om uinnskrenka makt. Nett no ser vi korleis diktatorar går saman i alliansar, arbeider med å unngå sanksjonar eller forsyne kvarandre med våpen. Derfor må den demokratiske verda vere villig til å bruke endå fleire verkemiddel for å kjempe mot dei.