Vil privatisere gullet og sølvet

Utvalet som har evaluert minerallova, føreslår å avvikle statleg eigarskap til mineralressursane.

I sølvgruvene på Kongsberg var det drift fram til 1950-talet. No får regjeringa råd om å avvikle den statlege eigarskapen til mineralressursane som er att på fastlandet. Her er det ein guide som peikar på sølv i gruva.
I sølvgruvene på Kongsberg var det drift fram til 1950-talet. No får regjeringa råd om å avvikle den statlege eigarskapen til mineralressursane som er att på fastlandet. Her er det ein guide som peikar på sølv i gruva.

Det ligg store verdiar i bakken rundt om i landet. Nærare 2500 milliardar kroner, minst, ifølgje dei vurderingane Noregs geologiske undersøking har gjort av påviste og trulege mineralressursar.

Over halvparten av verdiane ligg i metall – som jarn, kopar, gull, sølv og bly – som er eigd av staten.

Resten er i industrimineral som kalkstein og kvarts, i naturstein som granitt og skifer, og i byggjeråstoff som grus og pukk. Eigarskapen til desse ressursane er det grunneigarane som har.

No har regjeringa fått råd om å avvikle den statlege eigarskapen til metalla, slik at dei òg tilkjem grunneigarane. Føremålet er å kunne regulere forvaltinga av dei to mineraltypane likt, og gjere utvinning meir effektivt. I dag er det ulike regime og ulike undersøkings- og utvinningsrettar for dei to typane mineral, og det byr ifølgje næringa på problem når dei ligg samanblanda i bakken.

– Har lite å seie

Rådet kjem frå eit utval som har evaluert dagens minerallov, og det er radikalt. Skiljet mellom dei to mineraltypane skriv seg tilbake til Bergordningen for Norge i 1539. Den gong vart det òg innført eit prinsipp om såkalla bergfridom, som gjev fri leiterett og fortrinnsrett til utvinning for dei som finn mineral som staten eig. Bergfridomen føreslår utvalet å gå vekk frå. I staden bør staten styre utvinning gjennom eit konsesjonssystem, slik som for vasskrafta og olja, meiner utvalet.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement