JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

Samfunn

Vil mjuke opp Nav-handsaminga

Sp-leiar Trygve Slagsvold Vedum vil ikkje som partikollega Geir Pollestad leggje skuld på stønadsmottakarane som har brote det feilaktige regelverket til Nav.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
Den norske staten har brote lova, og då er det heilt rett, som arbeids- og sosialminister Anniken Hauglie (H) gjorde tysdag, å be om orsaking, ifølgje Sp-leiar Trygve Slagsvold Vedum.  – Dette er staten sitt ansvar, ikkje dei som er råka, seier han.

Foto: Stian Lysberg Solum / NTB scanpix

4794
20191108

Samtalen

Trygve Slagsvold Vedum

Leiar i Senterpartiet

Aktuell

Nav-skandalen

4794
20191108

Samtalen

Trygve Slagsvold Vedum

Leiar i Senterpartiet

Aktuell

Nav-skandalen

eva@dagogtid.no

Senterpartiet har fått ein del kritikk etter at stortingsrepresentant Geir Pollestad gav uttrykk for at Nav-brukarane som har brote det feilaktige regelverket til Nav, ikkje er heilt moralsk uskuldige, og fordi han bruker saka til å ta eit oppgjer med EØS-avtalen.

– At det er eit parti som ikkje har større respekt for og empati med alle som er råka i denne saka, enn at dei nyttar høvet til å ta eit oppgjer med EØS-avtalen og endåtil hevdar at dei dømde personane ikkje er moralsk uskuldige, det synest eg er direkte leitt, sa Venstre-nestleiar Terje Breivik i Stortinget tidlegare denne veka.

Har Venstre-nestleiaren noko rett i det, spør vi Senterparti-leiar Trygve Slagsvold Vedum.

– Nei. Ser du på fråsegnene eg og andre i partiet, ikkje minst Per Olaf Lundteigen, har gjeve i denne saka, har dei nettopp handla om dei personlege lagnadene. Her er det mange som ser ut til å vere uskuldig dømde, og det er på ingen måte akseptabelt. Det viktige no er å få rydda opp overfor alle dei råka. Den norske staten har ikkje hatt lov til å gjere det han har gjort, og då er det heilt rett, som statsråden gjorde tysdag, å be om orsaking, seier Vedum.

– Så du går ikkje god for innlegget til Pollestad?

– Saka handlar om menneska som er råka, og at det må ryddast opp så fort som mogleg. Eg har ikkje anna eg vil seie enn at vi no må bruke dei ressursane som trengst, for å få til det, hjelpe til med advokatbistand og syte for at dei som har krav på oppreising, får det. Dette er staten sitt ansvar, ikkje dei som er råka.

– Det finst dei som har drege utanlands vel vitande om at det var i strid med det gjeldande Nav-regelverket. Er det greitt?

– Her finst det enormt mange ulike historier, og eg trur nok sakshandsamarane burde hatt høve til å gjere meir tilpassingar i utgangspunktet. Det som til sjuande og sist er viktig i all politikk, er å sjå enkeltmenneska. Denne saka kan vere ein lærdom for alle som trur at store system er bra, og at alt bør straumlineformast. Vi må ta menneskelege omsyn og ikkje ta vekk alt som handlar om skjønn. Sakshandsaminga kan ikkje verte berre regelstyrt, for då kan staten verte for hard.

– Så då er det greitt å bryte lova?

– Eg vil ikkje setje meg til doms over enkelthistoriene. Men eg har ei sterk meining om at norske lovar og reglar må vere gyldige. Ein kan vere samd eller usamd i regelverket, men det må følgje lova. Difor må vi kartleggje kva det er som har skjedd i denne saka.

– Pollestad fryktar at Nav-saka kan gjere det vanskelegare å utfordre EØS på andre område. Ser du det òg slik?

– Når denne debatten har lagt seg, håpar eg vi kan ha ein meir roleg og sakleg debatt om fordelar og ulemper med avtalane vi har med EU. Det er sørgjeleg når all debatt vert plassert inn i ei ramme av for eller imot. Det er eit stort handlingsrom i avtaleverket, og vi må sikre at vi kan ha ein solid velferdsstat som løftar dei som treng det. Vi meiner ein del EU-avgjerder går på tvers av dette, og at det må diskuterast i kvar enkelt sak. Så kan det vere at vi taper i stortingsdebatten eller i forhandlingane med EU, men vi må i alle fall ta debatten om primærstandpunkta våre. Eg trur ikkje det vert vanskeleg å diskutere EU og EØS etter dette. Nett no handlar det om dei som er råka, men mange ser jo kva dilemma dette er. Vi ønskjer å ha eit system der norske politikarar bestemmer, og der folk kan kastast ved val.

– Meiner du den aktuelle EØS-forordninga her går på tvers av det å ha ein solid velferdsstat?

– Nei, no meiner eg vi skal rydde opp. Vi må halde oss til avtalane vi er med i, og syte for at pliktene vi har, vert følgde opp, men så må vi bruke det handlingsrommet som finst innanfor avtalane.

– Kva handlingsrom meiner du Noreg har i denne saka?

– Det kan vere ganske stort, men då må vi fyrst våge å ha ei haldning. Ofte vågar vi ikkje å køyre saka heilt ut, men tilpassar oss berre alt. Men det vi gjer, må vere ryddig og skikkeleg, og vi må syte for at lovverket som gjeld, vert praktisert av alle. Difor vert det no kontrollhøyringar for å finne ut kvifor feilen ikkje er fanga opp før, og kva som er veikskapen i systemet når det kjem ei ny EØS-forordning.

– Er det eit problem at folk kan ta med seg sjukepengar og arbeidsavklaringspengar utanlands?

– Nei, men reglane må ha ei innramming som gjer at vi kan ha eit solid system som gjev tryggleik, samstundes som vi held oppe skatteviljen i befolkninga. Ordningane må ha legitimitet i befolkninga.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Eller kjøp eit anna abonnement

– Vi må ta menneskelege omsyn og ikkje ta vekk alt som handlar om skjønn.

Emneknaggar

Fleire artiklar

Helsedirektoratet i Noreg tilrår same behandling for ME og kronisk utmatting.

Foto: NTB

Ordskifte

«I dag får ikkje ME-pasientane rett behandling.»

Bjørn K. Getz Wold

Kathrine Nedrejord er forfattar, dramatikar og scenekunstnar. Ho er samisk med røter i Kjøllefjord i Finnmark, men har budd i Paris sidan 2011.

Foto: Fartein Rudjord

BokMeldingar

Eg ropar om det heile tida

Boka til Kathrine Nedrejord er både pamflett og roman.

Hilde Vesaas

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis