Vil mjuke opp Nav-handsaminga

Sp-leiar Trygve Slagsvold Vedum vil ikkje som partikollega Geir Pollestad leggje skuld på stønadsmottakarane som har brote det feilaktige regelverket til Nav.

Den norske staten har brote lova, og då er det heilt rett, som arbeids- og sosialminister Anniken Hauglie (H) gjorde tysdag, å be om orsaking, ifølgje Sp-leiar Trygve Slagsvold Vedum. – Dette er staten sitt ansvar, ikkje dei som er råka, seier han.
Den norske staten har brote lova, og då er det heilt rett, som arbeids- og sosialminister Anniken Hauglie (H) gjorde tysdag, å be om orsaking, ifølgje Sp-leiar Trygve Slagsvold Vedum. – Dette er staten sitt ansvar, ikkje dei som er råka, seier han.

Senterpartiet har fått ein del kritikk etter at stortingsrepresentant Geir Pollestad gav uttrykk for at Nav-brukarane som har brote det feilaktige regelverket til Nav, ikkje er heilt moralsk uskuldige, og fordi han bruker saka til å ta eit oppgjer med EØS-avtalen.

– At det er eit parti som ikkje har større respekt for og empati med alle som er råka i denne saka, enn at dei nyttar høvet til å ta eit oppgjer med EØS-avtalen og endåtil hevdar at dei dømde personane ikkje er moralsk uskuldige, det synest eg er direkte leitt, sa Venstre-nestleiar Terje Breivik i Stortinget tidlegare denne veka.

Har Venstre-nestleiaren noko rett i det, spør vi Senterparti-leiar Trygve Slagsvold Vedum.

– Nei. Ser du på fråsegnene eg og andre i partiet, ikkje minst Per Olaf Lundteigen, har gjeve i denne saka, har dei nettopp handla om dei personlege lagnadene. Her er det mange som ser ut til å vere uskuldig dømde, og det er på ingen måte akseptabelt. Det viktige no er å få rydda opp overfor alle dei råka. Den norske staten har ikkje hatt lov til å gjere det han har gjort, og då er det heilt rett, som statsråden gjorde tysdag, å be om orsaking, seier Vedum.

– Så du går ikkje god for innlegget til Pollestad?

– Saka handlar om menneska som er råka, og at det må ryddast opp så fort som mogleg. Eg har ikkje anna eg vil seie enn at vi no må bruke dei ressursane som trengst, for å få til det, hjelpe til med advokatbistand og syte for at dei som har krav på oppreising, får det. Dette er staten sitt ansvar, ikkje dei som er råka.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement