Vil lage meir medisin sjølv

Legemiddelindustrien i Noreg meiner dei kan bidra for å hindre mangelsituasjonane vi ser i dag.

Leif Rune Skymoen er styremedlem i bransjeforeininga Legemiddelindustrien og dagleg leiar hjå den norskeigde legemiddelprodusenten Curida, som produserer flytande legemiddel som nasespray, bedøvingsmiddel og sårbehandlingsmiddel.

Han er overtydd om at legemiddelprodusentane som er i Noreg i dag, kan bidra til å hindre mangelsituasjonane vi ser. Men han seier det føreset at norske styresmakter vil nytte seg av produksjonskapasiteten i Noreg, og set seg ned med bransjen og inngår avtalar.

– Det har dei så langt ikkje sett grunn til å gjere. Dei har vel tenkt at dei får det dei treng ved å importere. Det har jo òg fungert greitt tidlegare, men alle mangelsituasjonane no syner at det ikkje lenger gjev trygge leveransar til befolkninga i Noreg, seier han.

– Kor mykje meir kan legemiddelselskap i Noreg produsere, slik du ser det?

– Det er mykje, og det er skalerbart òg. Vi har høve til å lage dei fleste typar legemiddel her, så det handlar berre om at det må lagast avtalar som gjer produsentane i stand til å dekkje behovet, seier Skymoen.

– De òg er vel avhengige av å importere råvarene?

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement