Vil ikkje ofre naturen
Vindkraft må ikkje gå på kostnad av norsk natur, meiner Silje Ask Lundberg i Naturvernforbundet.
Vindturbinar på Smøla.
Foto: NTB scanpix
Rundt i Noreg veks motstanden mot planlagde vindkraftverk. Silje Ask Lundberg er leiar i Naturvernforbundet, som har engasjert seg mot mange av vindprosjekta.
– Kva er problemet med den store vindkraftutbygginga som er undervegs?
– Det er at omsynet til naturen blir sett til side i særs mange vindkraftsaker. Store kraftverk skal byggast på kostnad av verdifull og sårbar natur. Dette er store inngrep. Det er ikkje berre snakk om turbinane, men òg milevis med vegar og kraftliner.
– Marius Holm i miljøstiftinga Zero sa til Dag og Tid sist veke at klimaendringane er eit større trugsmål mot norsk natur enn vindkraftutbygginga er. Stemmer ikkje det?
– I dag er det arealendringar som er det største trugsmålet. På sikt er det klimaendringane. Men vi må både avverje klimaendringane og stogge tapet av biologisk mangfald. Vi må ikkje setje dei måla opp mot kvarandre.
– Klimaendring og havforsuring kjem til å endre levekåra for nesten alt i naturen. I den målestokken verkar ikkje vindkraftverk så ille?
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.