Vil ikkje ha gratispassasjerarSidan jul har det vore interne diskusjonar i Norsk Presseforbund om kva medium som kan bli klaga inn for pressens faglege utval (PFU). Oppstyret rundt Resett den siste tida har opna for ein breiare debatt, sjølv om dei to saka

Publisert

Sidan jul har det vore interne diskusjonar i Norsk Presseforbund om kva medium som kan bli klaga inn for pressens faglege utval (PFU). Oppstyret rundt Resett den siste tida har opna for ein breiare debatt, sjølv om dei to sakane ikkje heng direkte saman, fortel generalsekretær Elin Floberghagen i Presseforbundet.

– I dag har vi ein mangfaldig medierøyndom, og det er veldig bra. Spørsmålet er om vi skal ha med medium som ikkje vil følgje presseetiske reglar, seier ho.

Ein auke i publikasjonar som nyttar journalistiske verkemiddel, som ulike nettstader og bloggar, har ført til at PFU får fleire klager på utradisjonelle medium. Då blir det eit ressursspørsmål for Presseforbundet, spesielt når mange av desse media ikkje bidreg til PFU ved å vere medlem av ein presseorganisasjon.

– For å få saker vurderte i PFU må ein ha ambisjonar om å drive journalistikk etter Ver Varsam-plakaten. I det siste har vi sett grove brot på presseetikk, sjølv om Resett skriv at dei følgjer plakaten. Ver Varsam-plakaten må ikkje bli noko ein berre kan pynte seg med, ein må forplikte seg for å få bli vurdert av PFU, seier Floberghagen.

Ho meiner strengare grenser for kven som kan klagast inn for PFU, ikkje set grenser for eit mangfaldig Medie-Noreg.

– Om ein driv journalistikk som følgjer presseetiske reglar, skal det vere ope for alle syn, sider og ideologiar. Det vil vere rom for mange ulike typar medium, men dei må ikkje vere gratispassasjerar.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement