Vil ikkje ha eit hugsefag

Holocaust er teke inn i dei nye læreplanmåla. Det var ikkje læreplangruppa sitt ønske, seier universitetslektor Karsten Korbøl.

Kunnskapsminister Jan Tore Sanner snakkar med Aliya Mohamed (14) (midten) og Safa Yusof (14) på kunst- og handverksfag ved Sofienberg skole i Oslo, der han la fram forslag til nye læreplanar i skulen måndag.
Kunnskapsminister Jan Tore Sanner snakkar med Aliya Mohamed (14) (midten) og Safa Yusof (14) på kunst- og handverksfag ved Sofienberg skole i Oslo, der han la fram forslag til nye læreplanar i skulen måndag.

Måndag sende Kunnskapsdepartementet forslaga til nye læreplanar i skulen ut på høyring og uttalte at dette vert den største endringa av innhaldet i skulen sidan Kunnskapsløftet i 2006. Karsten Korbøl, som er universitetslektor ved Institutt for lærarutdanning og skuleforsking ved Universitetet i Oslo, leidde faggruppa som laga utkastet til læreplanane i historie for vidaregåande. Han seier endringane i historiefaget ikkje er veldig store, men at dei nye læreplanane har færre kompetansemål, tydelegare dugleiksmål og tydeleggjer det utforskande ved historiefaget.

– Ambisjonen har vore å lage eit fag som elevane ser relevansen av, og å ruste dei intellektuelt til å møte ei framtid dei ikkje kjenner – då tenkjer eg fyrst og fremst på evna til å navigere i informasjonsjungelen gjennom kjeldekritikk.

– Måtte de fjerne referansar til konkrete hendingar og epokar i kompetansemåla for å gjere det?

– Vi har ikkje gjort det. Dagens læreplan inneheld heller ikkje ei innhaldsliste av tema og hendingar elevane skal lære noko om, så vi vidarefører strukturen i den eksisterande reforma. Konkrete tidsperiodar er nemnde. Rett nok ikkje alle, men ein vesentleg del. Elevane treng òg historisk kunnskap, men dersom det vert ei lang liste over kva innhald dei skal lære seg, er eg uroleg for at nokre av dei andre delane av historiefaget – som òg er vesentlege – kan gleppe, slik at vi får eit hugsefag i staden for eit bruksfag.

– Er historiefaget eit hugsefag i dag?

– Vi har ikkje mykje forsking på korleis norske ungdomar lærer, og kva dei kan av historie. Frå dansk forsking veit vi derimot at mange elevar ikkje skjønar kva dei skal bruke historiefaget til, og ikkje ser at det rører ved livet deira.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement