Vil ikkje byggja landet
Nybyggjinga gjekk ned med 43 prosent i fjor. Stadig færre har råd til ny bustad. Endra byggforskrifter har hovudskulda, seier regjeringa samstundes som ho vil gjera nye bustader endå dyrare.
Regjeringa lovar det, Stortinget lover det, det står i alle partiprogram. Heile det politiske etablissementet lovar å få fart på bustadbyggjinga i Noreg, gong etter gong lovar dei å gjera det enklare å bygga, lovar å gjera det rimelegare for unge å koma inn på bustadmarknaden. Men det vil seg ikkje; bustadbyggjinga går ned og ned og ned. Nye tal viser at igangsetjing av nye bustader gjekk ned med 43 prosent frå februar 2013 til februar 2014, og særleg stort var fallet i blokkbustader, som gjekk ned med heile 61 prosent.
Samstundes har salet av nye bustader, dei som ikkje er bygde, men tinga, gått ned med 34 prosent. OBOS har til dømes no gått til det heilt uvanlege steget at dei garanterer at folk som er viljuge til å kjøpa nye bustader, skal få ein gjeven pris på den gamle, for slik å fjerna risiko for bustadkjøparane.
Denne tendensen er ulogisk. Tommelfingerreglane som alle sosialøkonomar lærer som studentar, er at når folketalet går opp med 1 prosent, må investeringane i infrastruktur, i hovudsak hus, gå opp med 4 prosent av BNP. For tida veks folketalet i Noreg med 14 prosent i tiåret, det åleine burde ha løyst ut husbyggjing på minst 50 milliardar meir enn eit normalår utan folketalsvekst. Men vi er altså ikkje i nærleiken. Folk i Noreg, særleg unge og særleg innvandrarar, bur altså stadig dårlegare og stadig trongare. Kva er det som har gått gale?
Klimaforlik
Grunnane til at det har vorte slik, finn vi i hovudsak i dei ymse klimaforlika Stortinget har vedteke, det og angsten for eldrebylgja. Klimaforliket har gjeve oss TEK 10, og klimaforliket kjem til å gje oss TEK 15. Underskrivne bur i ein TEK 10-bustad, den seier byggherren vart 700.000 kroner dyrare enn han elles ville ha vore utan TEK 10. I veggene er isolasjonen 250 millimeter, i taket 350, vindauga har tre lag, i alle tak går det luftekanalar, og i fyrste og tredje høgda står luftresirkuleringsmaskinene og durar, sumar, haust, vinter og vår. Når sola skin, har vi dører og vindaugo på vidt gap. Vedomnane nyttar vi ikkje, huset er så tett at det knapt er mogeleg å få fyr, og får vi fyr, vert det så varmt, same kor kaldt det er ute, at det ikkje gjev meining.
Eg er ikkje åleine om ha vorte påførd desse ekstrakostnadene. I 2011 gav Boligprodusentene ut ein rapport som såg på alle forskriftsendringane dei seinaste femten åra. For ein normal einebustad, som er 130 kvadratmeter, fann dei at kostnadsauken var på 423.410 kroner, og for eit toroms husvære i tredje høgda, som no må ha heis og som er den typiske startbustaden, fann dei ein auke på heile 637.773 kroner.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.