Vil ikkje bli amerikanarar
Grønlendarane har det betre under Danmark enn dei ville fått det under USA, meiner Aaja Chemnitz Larsen, folketingsmedlem frå Grønland.
Donald Trump skal ha ytra ønske om å kjøpe Grønland. Det er ikkje ein god idé, meiner Aaja Chemnitz Larsen, som er ein av Grønlands to representantar i Folketinget.
– Korleis har nyhendet om ideen til president Trump blitt motteke på Grønland?
– Det store fleirtalet seier eit klart nei takk. Sjølvstyret på Grønland har sagt at vi er opne for forretningar, men vi er ikkje til sals.
– I eit intervju har du sjølv kalla det «enormt ubehageleg» at Grønland blir omtalt som ei handelsvare av presidenten i USA?
– Mange grønlendarar føler at dette er uttrykk for ein mangel på respekt. Dette forslaget har ikkje gått gjennom diplomatiske kanalar, og ingen har teke opp saka med styresmaktene på Grønland. Dei fleste grønlendarar fleipar berre med forslaget til Trump og ser det som ein spøk, men somme er fornærma over at ein snakkar om Grønland som noko ein kan selje, utan å snakke med folket som bur der.
– Du har sagt at eit amerikansk styre ville svekkje velferdsstaten?
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.