Vil heilt ut av EU

Den konservative parlamentarikaren Adam Holloway ser på EU og Brussel som ei stor, tung kule med lenkje festa til Storbritannia, og brexit som sjansen til å komme laus.

Det har vore ei innhaldsrik veke i det britiske parlamentet, som fyrst røysta nei til brexit-avtalen med EU og deretter røysta for å la Theresa May halde fram som statsminister.
Det har vore ei innhaldsrik veke i det britiske parlamentet, som fyrst røysta nei til brexit-avtalen med EU og deretter røysta for å la Theresa May halde fram som statsminister.

David Cameron har sagt at han ikkje angrar på å ha opna for ei folkerøysting, sjølv når Storbritannia no står utan ein avtale med EU og berre er ti veker unna skilsmissa.

Adam Holloway frå det konservative partiet var blant dei 81 parlamentarikarane som i 2011 gjorde opprør og fekk Cameron til å vurdere ei folkerøysting i utgangspunktet. Opprøret innebar at han måtte trekkje seg frå regjeringsposisjonen som parlamentskontakt for den dåverande europaministeren.

Denne veka har Holloway røysta imot avtalen med EU og for å late Theresa May halde fram som statsminister.

– Eg støttar ei konservativ regjering, men eg er blant dei som med tungt hjarte ønskjer eit leiarskifte. Theresa May er ei framståande kvinne, men du kan ikkje leie eit oppdrag når du sjølv ikkje trur på oppdraget. Eg trur ho og embetsverket hennar ser brexit som eit feilgrep frå det britiske folket, og eg trur dei ser det som ei plikt å avgrense skadeomfanget og halde Storbritannia så tett på EU som råd samstundes som det skal gå an å seie at vi går ut.

– Kva meiner du May bør gjere no?

– Vi bør førebu oss på å gå over på WTO-reglane for handel, og så bør vi i tillegg arbeide for størst mogleg samarbeid med EU, men som sjølvstendig land og heilt utanfor EU-institusjonane.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement