Økonomi
Vil ha slutt på kappløpet mot botnen
Dei siste førti åra har selskapsskatten stadig blitt kutta rundt i verda, til glede for dei rikaste. Er vi ved vendepunktet no?
«Build back better» var eit slagord for Joe Biden i valkampen i fjor. Det ambisiøse programmet for å fornye infrastrukturen i USA er ein av grunnane til at Biden vil skattleggje amerikanske selskap hardare. «Build back better» var eit slagord for Joe Biden i valkampen i fjor. Det ambisiøse programmet for å fornye infrastrukturen i USA er ein av grunnane til at Biden vil skattleggje amerikanske selskap hardare.
Foto: Mark Makela/Getty Images/AFP/NTBFoto: Mark Makela/Getty Images/AFP/NTB
Det er to månader sidan den amerikanske finansministeren Janet Yellen publiserte innlegget «Ein betre selskapsskatt for USA» i Wall Street Journal. Men artikkelen hennar er framleis verd å sitere frå: «Ved å velje å konkurrere på skatt har vi forsømt å konkurrere på dugleiken til arbeidarane våre og kvaliteten på infrastrukturen vår. Det er ein sjølvdestruktiv konkurranse, og verken president Biden eller eg vil vere med lenger. Vi vil endre spelet», skreiv Yellen.
Mange har sagt liknande ting i mange år. Men når det er makta i Washington som snakkar slik, er det oppsiktsvekkjande. Biden og Yellen vil ikkje berre auke skatten på forteneste for selskapa i USA, dei vil dra verda med seg. Og sist helg følgde leiarane i G7-landa opp med ei intensjonserklæring om å innføre ein internasjonal minimumsskattesats for selskap for å hindre at statar underbyd kvarandre. «Veldig gode nyhende for skatterettferd og solidaritet og dårlege nyhende for skatteparadisa», sa den tyske finansministeren Olaf Scholz.
Vendepunkt
Vedtaket frå G7 inneber rett nok ein svært moderat skattesats på 15 prosent som minimum. Det er lågare enn satsen i dei fleste land i dag. Men om dette faktisk er byrjinga på slutten for skattekonkurransen, er det like fullt viktig. Utviklinga mot stadig lågare selskapsskatt i den rike verda har vart så lenge at ho byrja å likne ei naturlov. Av frykt for kapitalflukt og tapte arbeidsplassar har statane kappast om å kutte skatten for selskapa, og ingen regjeringar har verkeleg våga å bryte denne trenden.
Sidan 1980-åra har den gjennomsnittlege selskapsskatten i OECD-landa gått frå kring 50 prosent av overskotet til 21 prosent. Og resultatet? Mellom anna dette: Dei rike har blitt rikare, dei økonomiske skilnadene har blitt større og statane fattigare enn dei trong vere (om dei da ikkje har teke inn det tapte gjennom andre skattar og avgifter). Og sjølv om mange økonomar, politikarar og aktivistar har kritisert det destruktive ved denne konkurransen, har ingen klart å stogge skattekappløpet. No har kan hende vendepunktet kome.
Leiarrolle
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.