JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

Samfunn

Vil ha kritisk gjennomgang

– Det er naturleg at vi byrjar å stille spørsmål ved om det kan vere faremoment også i Noreg, seier Grete Brochmann etter den valdelege utviklinga i Sverige.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
Fleire liv har gått tapt i valdsbølgja som no herjar Sverige. Førre veke vart ei 25 år gamal kvinne uskuldig offer i ein bombeeksplosjon i Uppsala.

Foto: Pontus Lundahl /TT / NTB

5195
20231006

Samtalen

Grete Brochmann

professor ved Universitetet i Oslo

Aktuell

Åtvarar Noreg mot å kopiere svensk «berøringsangst»

eva@dagogtid.no

«Svensk sammenbrudd har vært en varslet katastrofe», skreiv Grete Brochmann, som er professor ved Institutt for sosiologi og samfunnsgeografi ved Universitetet i Oslo, i ein kronikk i Aftenposten denne veka. Ho syner til at Sverige heilt fram til 2015 var eit innvandringsliberalt unntak i eit stadig meir restriktivt Europa, medan både omfanget og samansetjinga av innvandringa i mange år var tema det ikkje var legitimt å snakke om i det offentlege rommet i Sverige. Noreg, skriv ho, har hatt ein opnare debatt og har òg ein busetjingspolitikk andsynes flyktningar som inneber mindre fare for parallellsamfunn, gjengkriminalitet og valdsutvikling. Ho meiner likevel det er all grunn til å gå kritisk gjennom norsk innvandrings- og integrasjonspolitikk i dagens situasjon og åtvarar òg Noreg mot å «kopiere den svenske berøringsangsten»

Brochmann har jobba med internasjonal migrasjon i ei årrekkje og har leidd to utval om innvandring til Noreg.

– Kva ved norsk politikk og offentleg debatt gjer at du ser grunn til å kome med ei slik åtvaring no?

– Det er ikkje noko ved situasjonen i Noreg som er så alarmerande at det tilseier ei utvikling som i Sverige, men når eit naboland vi har så mykje sams med, står i ei så monaleg krise, er det naturleg at vi byrjar å stille spørsmål ved om det kan vere faremoment i Noreg òg. Forholda i Sverige har jo bygd seg opp over mange år. Politiet har dess­utan meldt at det finst koplingar til svenske kriminelle gjengar i Noreg. Det trengst kunnskap og beredskap om faremoment i norsk samanheng òg.

– Er vi for dårlege på slike diskusjonar i dag, meiner du?

– Forholda i den norske allmenta har vorte opnare dei seinare åra, men det er stadig ganske mykje vegring, blant både forskarar, journalistar og politikarar med ulik ståstad, for å gå inn i diskusjonane som kan verke stigmatiserande. Det er viktig å hindre stigmatisering og motverke diskriminering, men fornekting av problem er farleg over tid. Dette er ikkje lett å få balansert i den offentlege debatten.

– Kva for faremoment ser du?

– Det har vore ein rådande filosofi at integrasjonen går veldig mykje betre her enn i Sverige. Eit stykke på veg er det også rett, for mykje går bra. Det store fleirtalet av personar med minoritetsbakgrunn i Noreg klarar seg fint. Samstundes gjeld det truleg òg for det store fleirtalet av personar med minoritetsbakgrunn i Sverige. Spørsmålet er meir kor store problem som kan skapast ved at relativt små grupper manglar tilhøyrsle i samfunnet. Det blir òg meldt om tendensar til utanforskap i norsk samanheng. Ungdom som droppar ut av skulen, har problem med å skaffe jobb, manglande kopling til det norske sivilsamfunnet og liknande. Vi har òg busetjingssegregering, med opphoping av sosiale problem i tette buområde, sjølv om det ikkje kan jamførast med situasjonen i Sverige, seier ho.

– Kva konkret kan og bør vi gjere no, slik du ser det?

– Det finst ikkje ei einfaktorforklaring på problema. Delar av dette handlar til dømes om bustadpolitikk, der vi har stor grad av marknadsstyring. Sjølv om folk kunne tenkje seg å flytte frå innvandringstette område i byen til andre område, så har dei ikkje råd til det. I tillegg handlar det om skulepolitikk, arbeidslivspolitikk og velferdsordningar, så det er ingenting som kan løysast i ei handvending. Difor er det viktig å minne om at omfang og samansetjing av innvandringa òg har betydning. Er innvandringstakta høg, får styresmaktene problem med å leggje til rette for integrering og hindre at dei som kjem, fell på utsida av samfunnet.

– Noreg har ikkje veldig høg innvandring, i alle fall ikkje om vi jamfører med Sverige. Bør innvandringa vere lågare enn i dag?

– I åra før 2016 hadde Noreg ein av dei høgste innvandringsratane i den vestlege verda, men fleirtalet etter 2004 kom frå EØS. Noreg har hatt lågare innvandring frå land i det globale sør enn Sverige. Styring av innvandring er eit komplisert og kontroversielt politisk spørsmål. Noreg er forplikta av internasjonale konvensjonar, og grupper som kjem av humanitære grunnar, skal ikkje styrast av etterspurnad. Men dagens flyktningpolitikk fungerer ikkje godt og kjem truleg til å verte endra i tida framover. Familieinnvandringspolitikken har også politisk spelerom, syner det seg i praksis.

– Samansetjinga av innvandringa har òg betydning, seier du. Skal vi i større grad velje kva for innvandrarar som skal få kome?

– Alle europeiske land ønskjer seg høgt utdanna og innvandrarar som er lette å integrere. Noreg har teke imot mange arbeidsinnvandrarar frå EØS som har vore drivne at etterspurnad. Spørsmålet er kor høg tilstrøyming av andre grupper Noreg klarar å integrere utan at ulikskapane aukar. Her er det ingen enkle løysingar, og Noreg er også avhengig av kva resten av Europa gjer med asyl- og migrasjonspolitikken.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

– Det blir òg meldt om tendensar til utanforskap i norsk samanheng.

Emneknaggar

Fleire artiklar

Omvend baug: X-Bow-en er utvikla av Ulstein og vert no for første gong nytta på ein fiskebåt.

Foto: Westcon

FiskeSamfunn

Båtbyggjarfolket

Trålaren «Ecofive» er både ei teknologisk nyvinning og eit resultat av den urgamle båtbyggjarkulturen på Vestlandet.

William Sem Fure

Foto: Julie Pike

LitteraturFeature

– Eg kan ikkje sovne inn i mitt eige liv

Ein abort gjekk frå å vere nemnd i forbifarten til å gje den nyaste romanen tittel.

IdaFrisch

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis