Vil endre bistandsbudsjettetRegjeringa har i statsbudsjettet ikkje prioritert godt nok bistand til folk som er på flukt i eigne nærområde. Det meiner både Flyktninghjelpen, Arbeidarpartiet og Kristeleg Folkeparti.

Regjeringa har i statsbudsjettet ikkje prioritert bistand til folk som er på flukt i eigne nærområde, godt nok. Det meiner både Flyktning­hjelpen, Arbeidarpartiet og Kristeleg Folkeparti.

Fråvær av hjelp i nærområda bidrog til at det var så mange som søkte seg vidare til Europa, seier Pål Nesse i Flyktninghjelpen. Foto frå matutdeling i Sør-Sudan 2017.
Fråvær av hjelp i nærområda bidrog til at det var så mange som søkte seg vidare til Europa, seier Pål Nesse i Flyktninghjelpen. Foto frå matutdeling i Sør-Sudan 2017.

«Internasjonalt samarbeid og hjelp til det store antallet flyktninger som oppholder seg i nærområdene er det viktigste, mest effektive og mest bærekraftige virkemiddelet for å løse flyktningkrisen», skreiv statsminister Erna Solberg (H) og innvandringsminister Sylvi Listhaug (Frp) i ein kronikk i VG tidleg i 2016. Det er brei semje om dette synet i norsk politikk, og det har vore brukt som argumentasjon når det er gjort innstrammingar i innvandringspolitikken etter flyktningkrisa i 2015.

Listhaug har argumentert for at innstrammingar heime gjer at Noreg kan bidra meir der dei fleste flyktningane er – i dei såkalla «nærområda» til deira eige heimland. «Resultatet er at vi kan hjelpe mange flere gjennom mer penger til hjelp i nærområdene fordi vi bruker mindre på asylsøkere i Norge», skreiv ho på Facebook i 2016. Då var talet asylsøkjarar til Noreg redusert med nesten 30.000 frå året før.

I dag kjem det endå færre asylsøkjarar til Noreg. Noverande innvandringsminister Tor Mikkel Wara (Frp) har sendt ut pressemelding om at det i forslaget til statsbudsjett for 2019 er spara inn 5,9 milliardar på asylfeltet jamført med 2016.

Ein skulle tru det ville innebere ei storsatsing i dei såkalla nærområda. Det syner budsjettframlegget ikkje teikn til, skal vi tru Jan Egeland, generalsekretær i Flyktninghjelpen.

I ein kronikk i Aftenposten kritiserer Egeland regjeringa for å ha gløymt det varsla krafttaket i nærområda og for å svikte både flyktningane og vertslanda dei er fordrivne til. «Det nye bistandsbudsjettet (prioriterer) overhodet ikke (…) nærområdene», skriv han.

– Skuffande lågt

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement