Vil berre ha sauer og kyr frå vikingtida

– På Island har me ikkje importert sauer, kyr, hestar eller geiter. Me har satsa på dei gamle rasane som landnåms-mennene hadde med seg for meir enn tusen år sidan, seier landbruksprofessor Ólafur Dyrmundsson.

Den gode, varme ullhuva er eit varemerke for professor i landbruksvitskap Ólafur Dyrmundsson (73). Han har arbeidd med islandsk landbruk i nærare 40 år.
Den gode, varme ullhuva er eit varemerke for professor i landbruksvitskap Ólafur Dyrmundsson (73). Han har arbeidd med islandsk landbruk i nærare 40 år.
Publisert

Det er i slutten av mai, og lemminga står for døra på Island. Professoren bur ei mil utanfor Reykjavik, men han finn tid til ein tur innom sentrum av byen. Heime har han eit titals sauer som skal lemma dei neste dagane, og det er viktige dagar for ein entusiast som har interessert seg for sauer i ein mannsalder.

Ólafur Dyrmundsson (73) har hatt mykje å seia for islandsk landbruk dei siste førti åra, men no er han pensjonist. Likevel er han framleis svært aktiv entusiast på mange landbruksfaglege felt – både praktiske og teoretiske.

ISLANDSK PIONER

Forsommaren er på vitjing i Reykjavik, og det er fullt av turistar i Laugavegur, den lange hovudgata i den islandske hovudstaden. Blant alle amerikanarane og kinesarane legg me merke til ei flott strikkehuva som nærmar seg – eit lite hovud over dei andre promenerande. Så oppdagar me professoren i grå frakk, grå dress og med raudt slips som slett ikkje varslar fare, men om svært mykje kunnskap om det islandske landbruket.

Dyrmundsson fekk den landbruksfaglege utdanninga si i Wales. Der byrja han å studera i 1966, og han tok doktorgraden på sauehald nokre år seinare. Vel heime fekk han jobb på den islandske landbruksskulen som retta seg både mot bønder og vitskapleg forsking. I nesten 40 år – frå 1977 og heilt fram til 2015 – arbeidde han med rådgjeving og forsøk for landbruksselskapet på Island. Han vart også den første og einaste rådgjevaren for økologisk landbruk på Island, og han har vore ein ivrig forkjempar for dyrevernet.

DEI GAMLE RASANE

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement