JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

Samfunn

Viktoria Amelina (1986–2023)

Den ukrainske forfattaren Viktoria Amelina lét ikkje etter seg nokon omfattande litterær arv. Det rakk ho ikkje.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
Viktoria Amelina.

Viktoria Amelina.

Foto: Wikipedia

Viktoria Amelina.

Viktoria Amelina.

Foto: Wikipedia

4406
20230707
4406
20230707

Ho var berre 37 år gamal då ein russisk rakett eksploderte i Kramatorsk 27. juni og gjorde slutt på livet hennar. Men i dette korte livet fekk ho likevel gjort mykje, og fleire gonger tok ho sjølv grep for vende sin eigen lagnad.

Ho hadde utvandra til Canada, men valde å vende tilbake til Ukraina, til heimbyen Lviv. Etter at ho vart uteksaminert frå Lviv polytekniske institutt, der ho vart spesialist på dataprogrammering, og hadde ein lovande start på ein IT-karriere, bytte ho ut alt dette med litteratur og eit liv som forfattar.

Viktoria var ein særs aktiv person og vart samstundes involvert i det offentlege livet og i kampen for menneskerettar, særleg for rettane til politiske fangar. Ho reiste rundt i Europa og organiserte aksjonar for å få frigjeve den ukrainske filmregissøren Oleg Sentsov frå russisk fangenskap.

Med eigne pengar skipa ho i 2021 ein litteraturfestival i den vesle byen Niu-York i Donbas. Denne festivalen, som i hovudsak var retta mot born, var hjartebarnet hennar, men for eit par veker sidan øydela ein russisk rakett den gamle bykinoen – staden der festivalen heldt til. Viktoria var særs uroleg for dette, men hadde trua på at Niu-York-festivalen ville kome i gang att etter krigen.

Sidan februar i fjor har Viktoria dokumentert krigsbrotsverk utførte av den russiske hæren. Drivkrafta bak dette var kanskje drapet på den ukrainske barnebokforfattaren Volodymyr Vakulenko i mars i fjor. Han vart drepen av det russiske militæret. Volodymyr blei verande i dei okkuperte områda med den alvorleg sjuke son sin, og det kan verke som han sjølv ante at han kom til å bli drepen.

Dagen før han vart kidnappa for andre gong, grov han ned dagboka si i hagen til foreldra, under eit gamalt kirsebærtre. Det første Viktoria Amelina gjorde då Kharkiv regionen vart frigjord, var å reise til Kapitolivka, heimbyen til Volodymyr. Foreldra til Volodymyr viste henne staden der han hadde grave ned dagboka.

Ho fann boka – og fekk panikk. Ho ringde straks venene sine ved det litterære museet i Kharkiv og spurde: «Kva skal eg gjere med boka? Ho er heilt våt!» Nokre dagar før ho døydde, deltok ho i ein bokfestival i Kyiv, der ho var med på å leggje fram den posthumt utgjevne boka til Volodymyr Vakulenko. Boka inneheldt det siste han skreiv ­– ei dagbok skriven under russisk okkupasjon.

Viktoria Amelina etterlèt ei barnebok, dikt, fleire essay, to romanar og ei uferdig dokumentarbok med vitnesbyrd om krigen som ho hadde samla inn i løpet av dei 16 siste månadene i Ukraina.

Ho skreiv boka på engelsk for å gjere ho raskare tilgjengeleg for utanlandske lesarar. Ho var sikker på at verda ikkje riktig forstår kva som går føre seg i Ukraina. Boka heiter War and Justice Diary: Looking at Women Looking at War, og eg trur ho kjem til å bli publisert uferdig.

Men romanen Home for Dominic – det mest kjende verket hennar – held fram med å leve sitt eige liv og vart nyleg utgjeven på spansk. Romanen fortel historia om tre generasjonar – familien til ein sovjetisk pilot, Ivan Tsylik, som flytta til Lviv i Vest-Ukraina før Sovjetunionen braut saman, historia om døtrene hans og barnebarna som søkjer etter ein ny identitet i eit sjølvstendig Ukraina. Historia om familien er fortald av familiehunden, puddelen Dominic. Romanen vart utgjeven i 2017.

Viktoria Amelina døydde 1. juli av skadane etter rakettangrepet, på bursdagen til Volodymyr Vakulenko, barnebokforfattaren som vart drepen i mars i fjor, og som skreiv dagboka Viktoria introduserte for lesarar før ho sjølv døydde.

I løpet av den nye russiske aggresjonen det siste halvtanna året, har Ukraina mista titusenvis av innbyggjarane sine, mellom dei kring tretti forfattarar, diktarar og utgjevarar. Viktoria Amelinas namn er no lagd til denne sørgjelege lista, og no blir ho ein del av historia om den ukrainske litteraturen – ei tragisk historie full av uferdige romanar og upubliserte dokumentarbøker.

Viktoria Amelina mista aldri sjelsstyrken, heller ikkje når det ikkje var noka fysisk styrke att. Om tre veker skulle ho ha vore med på ein sommarleir i Karpatene, vest i landet, der born frå Donbas venta på henne. Ho vil bli sakna av dei, og også av foreldra sine, mannen og den ti år gamle son deira.

Andrej Kurkov

Teksten var fyrst publisert på Andrej Kurkovs Facebook-side.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Eller kjøp eit anna abonnement

Fleire artiklar

Gravfølgjet for Mohammad Mahdi Ammar og Abbas Fadel Yassin, båe drepne av eksploderande personsøkjarar i Beirut. Ammar er son til ein framståande medlem av Hizbollah-rørsla.

Foto: Mohamed Azakir / Reuters / NTB

KommentarSidene 2-3

Krig med personsøkjarar i folkerettsleg gråsone

Kvelden før personsøkjaråtaket endra Israels krigskabinett målsetjingane med krigen i nord. Ei eskalering låg derfor i kjømda.

Cecilie Hellestveit

Laila Goody, Maria Ómarsdóttir Austgulen, Trond Espen Seim og John Emil Jørgenrud i nachspielet frå helvete som stykket til Edward Albee blir kalla.

Foto: Erika Hebbert

TeaterMeldingar
Jan H. Landro

Sterkt om livsløgn og overleving

Gode skodespelar­prestasjonar i intens kamp på liv og død.

Den nye statsministeren i Frankrike, Michel Barnier, blir klappa inn av den utgåande, Gabriel Attal, i ein seremoni på Hôtel Matignon i Paris 5. september.

Foto: Stephane De Sakutin / Reuters / NTB

KommentarSamfunn
Bjørn Kvalsvik Nicolaysen

Ny statsminister med gjeld, utan budsjett

No lyt alt skje raskt i fransk politikk for å avverje nye kriser.

Justis- og beredskapsminister Emilie Enger Mehl på veg til pressetreffet om motarbeiding av kriminalitet. Også statsminister Jonas Gahr Støre og finansminister Trygve Slagsvold Vedum deltok.

Foto: Thomas Fure / NTB

Samfunn
Sofie May Rånes

– No ser me effekten av færre politifolk

Det er mykje regjeringa kunne gjort som dei ikkje har gjort. Me er ikkje imponerte, seier Helge André Njåstad (FrP).

Då nordmennene kom til Færøyane, eller Fårøyane, rundt 800 var «hagane fulle av sau, som irane hadde ale upp, bergi tekte med fugl, nøgdi med rekved til husbyggjing, fisk og kval utanfor døri og vetrar so milde at sau og hest levde ute», skreiv landsfaderen Jóannes Patursson i boka Frå Færøyane i 1925.  I dag er det om lag 70.000 sauer som går fritt ikring, også rundt Tórshavn.

Alle foto: Hallgeir Opedal

ReportasjeFeature

Nytt frå vestfronten

Ute i Atlanterhavet ligg Færøyane som ein front mot lågtrykk, vestavêr og liberale haldningar.

Hallgeir Opedal

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis