– Viktigaste val sidan 1944

Før koronakrisa sigla Trump mot sikker siger. No er det 50–50, trur USA-forskar Hilmar Mjelde.

Usannsynleg nok er det desse to amerikanarane har å velja mellom i presidentvalet 3. november: Joe Biden (77) og Donald Trump (73).
Usannsynleg nok er det desse to amerikanarane har å velja mellom i presidentvalet 3. november: Joe Biden (77) og Donald Trump (73).
Publisert

Då underskrivne studerte historie, lærte vi at det var to spørsmål det aldri vert semje om: Kvifor fekk vi den industrielle revolusjonen, og korleis kunne holocaust henda? No har framtidige historikarar fått eit nytt spørsmål som dei ikkje kjem til å ha svar på: Korleis kunne det amerikanske folket måtta velja mellom Joe Biden, som knapt kan fullføra ei setning, og Donald Trump, som seinast denne veka sa at han gjekk på malariamedisin for å førebyggja covid-19?

Hilmar Mjelde forskar på amerikansk politikk ved Universitetet i Bergen og har laga ein modell som føresåg at Trump ville vinna presidentvalet i 2016. Han har lenge spådd at Trump også vil vinna det komande valet.

– Trur du framleis Trump vil vinna?

– No meiner eg det er heilt ope. USA har vorte utsett for eit såkalla eksternt sjokk. Vi veit at det som skjer med økonomien i andre kvartal i eit valår, har mykje å seia. Normalt skulle Trump verta attvald. Men denne fordelen vert nulla ut av den økonomisk krisa. Dette er uvanleg vanskeleg. Eg vil seia 50–50 nett no.

– Men vil veljarane leggja skulda på Trump for eit virus?

– Det var det, då. Trump har den mest stabile veljarbasen sidan Harry Truman. Men vi skal hugsa at USA manglar ein velferdsstat i vår tyding av ordet. Dimed vert amerikanarane mykje meir avhengige av styrken i økonomien enn det veljarar her er. Trump har eit grunnfjell på 40 prosent. Spørsmålet er korleis dei 5 prosentane i midten, som er genuint uavhengige, tenkjer. Trump har også hatt høg støtte mellom dei eldre. Men det har også Biden. I tillegg får presidentar ansvaret når noko går gale. I 1916 fekk Woodrow Wilson ansvaret for noko så irrasjonelt som haiåtak.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement