Vi viser verda vår vakre vintervegDet er typisk norsk å vera god i økonomisk doping og organisatorisk kompetanse.

Det er typisk norsk å vera god i økonomisk doping og organisatorisk kompetanse.

Skøyteløparen Roald Aas i aksjon på 1500 meter, som han vann i OL i Squaw Valley i USA i 1960, i par med Juhani Järvinen som hadde verdsrekorden (2.06,3) og blei nummer fem.
Skøyteløparen Roald Aas i aksjon på 1500 meter, som han vann i OL i Squaw Valley i USA i 1960, i par med Juhani Järvinen som hadde verdsrekorden (2.06,3) og blei nummer fem.
Publisert

Noreg var mot vinter-OL fordi påfunnet truga Holmenkollen og andre nordiske arrangement. Då det likevel blei leikar i Chamonix i 1924, stilte me med 13 menn og ei kvinne (12 år gamle Sonja Henie, åttandeplass i kunstløp) og blei beste nasjon. Då Thorleif Haug vann den tredje gullmedaljen på 50-kilometeren (3.44,32) med Thoralf Strømstad og Johan Grøttumsbråten på dei neste plassane, blei den evige overskrifta om Noreg som vinternasjon skapt av psevdonymet «Borsalino» i bladet Idrettsliv: «Vi viste verden vinterveien».

DETTE NASJONALE sjølvbiletet sette seg fast. Derfor var OL i Calgary i 1988 eit nasjonalt traume: null gull og berre tolvte beste nasjon. Sovjet og DDR hadde hegemoni.

Då blei ein annan manande parole henta fram: «Samling i bånn, gutter!» Det var den seinare krigshelten Ola Reistads ord under det militære patruljeløpet i St. Moritz 1928. Laget låg lang bak finnane, men dei vann etter full satsing ned bratthenget.

Då dopregima i aust braut saman og det blei trongare tider for hormon, piller og blodsøl, satsa Noreg på innsprøyting av pengar og organisatorisk og vitskapleg kompetanse i smøreprosjekt, vindtunellar og høgdetrening. Lillehammer-OL i 1994 var ei krone på verket. Den korrupte, gamle Franco-fascisten Juan Antonio Samaranch blei tilgitt alt då han sa: «The best Winter Olympic Games ever», og det har me levt høgt på sidan.

VERTINNA ser på sportsidiotar som umogne folk som heller burde skaffa seg eit liv. Ho liker ikkje idrett der det viktigaste ikkje er å delta, men å vinna. Ho har bare late seg sjarmera av ein olympiar: Eddie the Eagle.

Den tafatte engelskmannen med dei flaskebotntjukke brilleglasa var den suverent dårlegaste skihopparen i Calgary 1988, men han var også den mest populære utøvaren. Derfor laga ringanes herrar reglar mot han og andre antiheltar som undergrev det som har vore offisielt valspråk for Den internasjonale olympiske komiteen sidan Pierre de Coubertin fann det opp i 1894: Citius, altius, fortius. Dei ville ikkje lenger ha med elska amatørar som ikkje streva for å vera raskare, høgare og sterkare.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement