Vi vil stå rake og sjå andre rett i auga
YAFO: Palestinske Morad Hassan jobbar som dansar og skodespelar ved det arabisk-jødiske teateret i Yafo. Geir Olav Jørgensen treffer Morad på teateret.
Foto: Jez Klein
– Korleis vil du identifisere deg, Morad Hassan?
Ikkje som muslim, ikkje først og fremst. Å identifisere seg som muslim blir i dag kritisert blant palestinske intellektuelle. Vi vil ikkje knyte oss for tett opp mot religionen.
I utgangspunktet har eg ikkje problem med islam. Eg kan sjå behovet for å identifisere seg som muslim, men eg er ikkje sjølv religiøs, og slike merkelappar er det best å takke nei til så lenge det israelske systemet gjer bruk av splitt og hersk-taktikk.
Idet eg identifiserer meg sjølv som muslim, normaliserer eg relasjonen min til staten Israel, og hamnar i bås. Eg vil heller ikkje kalle meg for «israelsk arabar». Kvifor skulle vi plutseleg kalle oss for det? Eg brukar ordet «palestinar», sjølv om det gjev uheldige assosiasjonar til terrorismen. Eg kallar meg for palestinar sidan vi var palestinarar før 1948.
Mange unge palestinarar vil vite meir om eiga historie. Den palestinske forteljinga blir oppfatta som truande av det israelske systemet, som held fast på sin eigen versjon av historia. Men det var jo ei kriminell handling som hende her i 1948, slik eg ser det. Alle tenkande menneske, nasjonalt og internasjonalt, kan sjå det same. Folk blei jaga frå heimen sin, og det skjedde massakrar.
I Yafo, til dømes, budde 75.000 menneske. I løpet av kort tid var det 4500 menneske att – resten hadde rømt. Nokre tok sjøvegen, andre drog nordover til Libanon, eller sørover til Egypt, andre igjen drog austover til Jordan. Majoriteten hamna i Jordan.
Vi som hadde vore det lokale fleirtalet, blei omdanna til ein lokal minoritet. Over natta hadde vi blitt flyktningar i vårt eige land. Brått blei vi sett på som farlege, som potensielle terroristar.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.