– Vi slåst for verda, ikkje berre for Syria
For IS-soldatane var det eit sjokk å møte kvinnelege soldatar i kampane om Kobanê, seier kommandanten Nesrîn Abdullah. Erling Folkvord har vitja dei kurdiske områda nord i Syria.
«Frå fridomen i Rojava mot eit demokratisk Syria». Den parolen møtte drygt to hundre utsendingar da Partiet for ei demokratisk løysing (PYD) nyleg opna den sjette kongressen sin i ein frigjord landsdel lengst nord i Syria.
Eg var der som ein av mange inviterte gjester og såg at vi var få europearar på gjestebenkene. Utsendingane stilte seg høge mål, akkurat eitt år etter at Den islamske staten (IS) starta storoffensiven mot Kobanê, ein av grensebyane mellom Syria og Tyrkia.
PYD nytta høvet då president Assad sommaren 2012 trekte det meste av dei militære styrkane sine ut av eit stort område lengst nord i Syria. Partiet tok initiativet til oppretting av styringsråd i dei tre landsdelane der fleirtalet er kurdarar. Dei kurdiske landsdelane i Syria er skilde frå kvarandre, men kvar av dei heng saman med kurdiske område i Tyrkia. Dei som delte Kurdistan med nye statsgrenser etter første verdskrigen, kunne splitt-og-hersk-teknikken.
Resultatet etter dei tre siste åra er tverrkulturelle og sekulære styringsorgan i tre kantonar langs grensa. Kobanê som IS gjekk til åtak på, er den midtarste. Forsvarsstyrkane i dei tre kantonane er organiserte i eigne avdelingar av kvinner (YPJ) og menn (YPG.) I kvar kanton står dei under ein felles kommando, ofte med ei kvinne som øvstkommanderande.
Kasta ut IS
Med spinkle våpen tok dei i september 2014 opp kampen mot IS. Dei frigjorde Kobanê i januar, med hjelp frå amerikanske fly som bomba IS-mål tett inntil frontlinja. Etter harde kampar fram til midten av juni kasta dei så IS ut av grensebyen Tal Abyad, ein by der kurdarane er i mindretal. Dermed kutta dei forsyningslinja til IS frå Tyrkia. Fleire som ikkje er kurdarar, kjempar no i lag med YPG og YPJ mot IS. Den største gruppa er Burkan Al Firat som kom frå Den frie syriske hæren.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.