– Vi i Vesten har vore naive

Det er ikkje rart at kinesiske selskap no er i den teknologiske verdstoppen, meiner Kina-kjennar Henning Kristoffersen.

Publisert

Framgangen til Kina viser verdien av kunnskap om produksjon, meiner Henning Kristoffersen. Han spesialrådgjevar i The Governance Group, sosialantropolog ved Universitetet i Oslo, og har forska på kinesisk næringsliv i mange år. Kristoffersen har òg vore programdirektør for Nordisk senter ved Fudan-universitetet i Shanghai.

– Det er ikkje noko nytt at kinesarane lagar komplekse produkt av topp kvalitet. Men før var dette mest vestlege merkevarer. Mange storselskap i andre land flytta produksjonen sin til Kina, fordi berre Kina hadde kapasiteten som skulle til. Industriproduksjon krev utdanna folk, ingeniørar, fabrikkar, vegar, jernbane, flyplassar, hamner og skip, og alt dette hadde Kina, seier Kristoffersen.

– Ta Apple som eit døme: Da iPhonen vart ein suksess, måtte Apple masseprodusere smarttelefonar raskt, og det einaste landet i verda som kunne handtere volumet, var Kina. USA var ikkje i nærleiken av slik kapasitet. På same vis har mange andre selskap flytta produksjonen til Kina.

Mange i vesten har undervurdert kompetansen som ligg i det å produsere, meiner Kristoffersen.

– Det har vore ein naiv ide om at vi i vesten berre kunne sitje og finne på ting. Vi skulle sitje på toppen av verdikjeda og vere innovative medan kinesarane lagar tinga for oss. Og no spør vi: «Korleis klarer Kina dette»?

No driv kinesarane også nyskapinga sjølv, og for vestlege land blir dette alvorleg, meiner Kristoffersen.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement