– Vi har løyst ting dei raudgrøne ikkje klarteDet er stor skilnad på ein EU- og EØS-minister og ein utanriksminister, ifølgje ministrane
Det er stor skilnad på ein EU- og EØS-minister og ein utanriksminister, ifølgje ministrane Helgesen og Bakke-Jensen.
Tidlegare EU- og EØS-minister Vidar Helgesen (H) og noverande minister Frank Bakke-Jensen (H) meiner det har lønt seg for Noreg å ha ein eigen dedikert EU- og EØS-minister. Helgesen seier ministerposten mellom anna påverka utfallet av forhandlingane om norske EØS-midlar.
Gjennom forhandlingane som vart ferdige i 2015, plikta Noreg seg til å betale 388 millionar euro årleg i EØS-midlar i perioden fram til 2021. Summen svara til ein auke på nær 40 millionar euro frå perioden før, og inneber ein mindre auke enn ved forhandlingsrundane under den raudgrøne regjeringa.
– Her trur eg det hjelpte å ha ein eigen statsråd med ansvar for den porteføljen EØS-midlane er, og at det var ei kjernesak i porteføljen, og ikkje arbeid som skulle vegast mot andre utanrikspolitiske prioriteringar og omsyn, seier Helgesen.
– treng minister
Han er ikkje samd med Ap-leiar Jonas Gahr Støre i at ansvaret for EU- og EØS-saker vel så gjerne kan liggje hjå utanriksministeren.
– Eg er oppteken av Norden og Nord-Europa som region i ei verd som er stadig meir trøblete, og eg meiner eit styrkt nordisk samarbeid i europapolitikken og Nord-Europa er viktig. Då trengst det å ha ein eigen europaminister med blikk på dei europeiske samarbeidsprosessane. Når ein norsk utanriksminister møter den svenske kollegaen, vert det jo ofte snakk om Midtausten, Nord-Korea og andre viktige globale spørsmål, seier han.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.