– Vi har falle så djupt, seier Mina Bai
Mina Bai kom til Noreg frå Iran i 1992 og ser liten grunn til optimisme for heimlandet.
Ayatolla Ruhollah Khomeini vert ønskt velkomen av menneske i tusental på flyplassen i Teheran 1. februar 1979.
Foto: AP/NTB scanpix
Denne månaden er det 40 år sidan ayatolla Khomeini vende heim til Iran frå eksil og omdanna det autoritære monarkiet til ein islamsk republikk.
Ein engelsk journalist om bord på flyet Khomeini kom med, spurde kva han kjende ved å vende tilbake. «Ingenting», svara han. Reporteren gjentok spørsmålet, trudde ikkje heilt på det han høyrde.
Det gjorde heller ikkje familien til romanforfattar og spaltist Mina Bai. Dei sat samla framfor TV-en i heimen i Teheran og såg Khomeini lande og millionane som hadde samla seg i gatene for å ønskje han velkommen.
– Eg var berre ti år på den tida, men eg hugsar folk var rørte og svært glade. Far min òg. Men då Khomeini svarte «ingenting», vart han fyrst heilt paff og skuffa. Så prøvde han å bortforklare det, sa at ein så stor mann som Khomeini ikkje skal syne kjensler, og at det var difor han hadde svara slik. Han ville nok ikkje miste håpet. Men det gjekk jo ikkje lang tid før det synte seg at Khomeini ikkje var særleg interessert i Iran. Han var meir interessert i ideologien, islam. Frå og med dagen han sette føtene sine i Iran, snakka han om å eksportere islam og revolusjonen. Han snakka om å ta over Israel og frigjere Al-Quds, og han tok vekk dei to symbola, løva og sola, frå flagget vårt og erstatta dei med eit symbol for Allah, seier Mina Bai.
Musikken forsvann
Bai har budd i Noreg sidan 1992, men hadde både barndomen og ungdomstida i Iran. Far hennar hadde doktorgrad i juss og jobba som advokat. Han var imot eineveldet til sjahen og vart etter kvart oppglødd for revolusjonen, og for Khomeini, fordi han leidde an.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.