Vi gjer ikkje gull av gråstein
EU fryktar Kinas monopol som leverandør av viktige råstoff. Norske politikarar ønskjer mineralnæringa opp og fram. Så kvar vert dei nye norske gruvene av?
Selskapet Nussir ASA har fått driftskonsesjon for ei kopargruve ved Repparfjorden i Kvalsund i Finnmark. Det er framleis strid om prosjektet, og Nussir leitar etter investorar.
Foto: Mads Suhr Pettersen / NTB
I september la Europakommisjonen fram ein ny rapport om EUs tilgang på strategisk viktige råstoff. Det er snakk om mineral og metall som er avgjerande for europeisk industri og økonomi, og som er prega av forsyningsrisiko.
Dette er slett ingen feelgood-rapport. Lista over strategisk viktige råstoff har vorte lengre for kvar gong ho er lagd fram, frå 14 råstoff i 2011 til 30 i dag. Viktigast er det at Kina leverer 98 prosent av metallgruppa kalla sjeldne jordartar til EU, metall som mellom anna vert brukte til magnetar i vindmøller, elbilar og annan teknologi.
Det er også verdt å nemne at Tyrkia leverer 98 prosent av det strategisk viktige borat, og Sør-Afrika leverer 71 prosent av platin og ein endå større del av platinametalla iridium, rhodium og ruthenium. Mange av dei 30 minerala på lista er mystiske namn for mange av oss som ikkje er geologar eller kjemikarar. Det dei har felles, er at dei inngår i produkt som vert stadig viktigare for oss alle, i takt med at digitale verktøy meir og meir tek over kvardagen og olje og gass skal fasast ut til fordel for meir klimavenleg teknologi. Vi snakkar om mobiltelefonar, elbilar, vindmøller og alt anna ein kan tenkje seg av elektroniske produkt. Vi snakkar om det grøne skiftet.
Forsyningsproblem
Etterspurnaden etter dei strategisk viktige råstoffa vil auka dramatisk i åra som kjem. Ifølgje reknestykka til EU vil til dømes etterspurnaden etter sjeldne jordartar verte tidobla fram til 2050. Til energilagring og elbilbatteri vil EU trenge 60 gonger meir litium og 15 gonger meir kobolt enn i dag. Rapporten frå EU-kommisjonen er klar: Om ein ikkje tek grep, kan EU få eit forsyningsproblem.
EU må handle, og det raskt, skal vi tru rapporten, der det står at Kina, USA, Japan og andre land alt i dag arbeider raskt med å sikre forsyningar for framtida, spreie forsyningskjeldene og inngå i partnarskap med land rike på ressursar. Bodskapen er kort sagt at EU må gjere det same.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.