Vi fyller skapet med plast— Folk tenker ikkje på kva kleda deira blir laga av, og derfor kan tekstilbransjen halde fram med miljøskadeleg produksjon, seier forskar

— Folk tenker ikkje på kva kleda deira blir laga av, seier forskar Ingun Grimstad Klepp.

Ifølge tekstilforskar Ingun Grimstad Klepp får ikkje manglande merking av klede følger for produsentane.
Ifølge tekstilforskar Ingun Grimstad Klepp får ikkje manglande merking av klede følger for produsentane.
Publisert

Vêrforholda varierer sterkt her i landet.Vi treng klede til alle slags temperaturar. I vikingtida gnei dei lærklede inn med feitt for å gjere dei om til regntøy, medan vi i dag har gummi, lakk og nylon. Før syntetisk gymtøy, dongeribukser og gummistøvlar kledde nordmenn seg primært i ull, lær, pels og lin. I dag er det polyester som dominerer tekstilprodukta.

Saman med akryl og nylon er polyester laga av oljebasert fiber. Det var det amerikanske kjemikalselskapet DuPont som i løpet av 1920- og 30-åra utvikla syntetisk gummi, polyester og nylon. Vi kler oss altså stadig oftare i plastfiber. Skal vi slutte å forureine havet og øydelegge sjølivet, må vi tenke innovativt også når det gjeld tekstilar. Men debatten går førebels roleg føre seg.

Feil marknadsføring

Etnolog og forskar ved SIFO og Høgskolen i Oslo og Akershus, Ingun Grimstad Klepp, meiner at vi generelt har låge kunnskapar om tekstilar. Det gjer det vanskeleg å skape ein offentleg debatt, som igjen fører til at tekstilbransjen produserer vidare på sine eigne premissar.

– Få veit kva råmateriale kleda er laga av, korleis dei er prosessert eller kor dei er laga. Det er låg interesse for kjemikala dei inneheld. Til dømes: Du har som forbrukar rett til å vite kva slags fiber som finst i kleda. Men i innhaldslista står det gjerne berre eitt stoff, sjølv om plagget inneheld mange fleire.

Ho listar opp tre hovudtypar tekstilar: Naturfiber kjem frå plante- og dyreriket, syntetisk fiber kjem frå olje og regenererte fiber er kunstige stoff framstilte av naturfiber. Ved regenererte fiber kan det stå oppgitt bambus på plagget, sjølv om det eigentleg er laga av viskose. Det er fordi plagga ofte blir marknadsførte med namnet på råstoffet.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement