Vi et og pustar plast
Alle går vi rundt med mikroplast i kroppen. Er det farleg? Det veit ingen.
På menyen: Truleg får vi alle i oss plast dagleg, men i langt mindre porsjonar enn dette.
Illustrasjon: Jose y yo Estudio / Shutterstock / NTB scanpix
Dei dårlege nyhenda om plastureining kjem tett for tida. På måndag melde Dagsrevyen at forskarar frå Norce og Veterinærinstituttet har oppdaga mikroplast både i fileten og levra til torsk frå sjøen ved Sotra. Om dette funnet blir stadfesta av andre studiar, er det nok eit skot for baugen for dei som skal overtale oss til å ete meir sjømat. At mange fiskeslag har plastfragment i mage og tarm, har vore kjent ei stund. Om plasten òg går over i fileten, er det verre.
Trass i mykje forsking dei siste åra veit vi så godt som ingenting om korleis mikroplast kan påverke menneskekroppen. Men dersom plast viser seg å vere helseskadeleg for menneske, er det neppe sjømaten som er det største problemet vårt. Vi har ei lang rekkje kjelder til mikroplast som er langt tettare på kroppen vår til dagleg. Dei kjeldene skal vi snart kome attende til.
Sjøen først
Problemet med plastureining har klatra raskt oppover dagsordenen dei siste åra. Ordet «mikroplast» dukkar først opp i avisdatabasen Atekst i 2010, i Aftenposten-artikkelen «Flytende søppeldunger truer verdenshavene». No har plastproblemet blitt allmennkunnskap. I fjor vart mikroplast nemnt i 1511 artiklar i norsk presse, og inntil ganske nyleg har vi høyrt mest om plasten som eit trugsmål mot livet i havet.
Gåsenebbkvalen som vart funnen ved Sotra med 30 plastposar i magen, vart eit symbol på ein forsøpla klode. Vi har lese om sjøfuglar som fyller opp magen med plastbitar, og vi har sett bilete av skjelpadder med plastsøppel tvinna rundt halsen.
Det er ikkje så rart at plastproblemet i havet har fått mest merksemd til no. Plastsøppelet langs strendene er påtrengjande synleg. I tillegg veit vi at mykje av mikroplasten frå bildekk, kunstgrasbanar, klesvask og andre kjelder renn ut i sjøen med bekker og avløpsvatn. Det er dokumentert at plastpartiklar kan følgje næringskjeda i havet, frå dyreplanktonet som et partiklane og opp til store fiskar, fuglar og andre sjødyr.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.