JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

Samfunn

«Vi er dei humane»

Målet til Vesten er å utsletta Russland, fortel den populære russiske videobloggaren Vladimir Solovjov publikummet sitt.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
14218
20220401

Ukraina-krigen på videoblogg

Vladimir Solovjov er Russlands mest kjende journalist og har i mange år, fem kveldar i veka, hatt eit to timar langt debattprogram på TV-kanalen Russland 1. Han står nær det russiske regimet politisk.

Ukraina-krigen på nett-TV

Vladimir Solovjov er Russlands mest kjende journalist og har i mange år, fem kveldar i veka, hatt eit to timar langt debattprogram på TV-kanalen Russland 1. Han står nær det russiske regimet politisk. Det all-russiske meiningsmålingsinstituttet rangerte Solovjov som den mest populære journalisten i 2021.

Det er laurdag 26. mars klokka 20.00, og Russlands mest populære TV- og videobloggar, Vladimir Solovjov, set i gang den daglege internettsendinga si. Sendinga er ikkje lenger på YouTube, for Google har blokkert alle kanalane til Solovjov for spreiing av propaganda om Russlands krig mot Ukraina. Vi ser difor sendingane på den russiske videoplattforma Smotrim.

Solovjov: «Lat oss starta med å sjå på kven motstandarane våre er. Vi er ikkje i tvil, vi kjempar ikkje mot desse ukrainarane. Lat oss vera tydelege. Ukrainarane er berre ein mindre spesialstyrke trena av Vesten, dei er åte, og ingen i Vesten bryr seg eigenleg om liva deira. Dei likar at ukrainarane døyr, og at dei døyr i hopetal, det seier dei rett ut, mellom anna på TV.»

20:11: Kva må gjerast?

Solovjov: «Eg tykkjer det er viktig at russarane veit kva som går føre seg nett no. Vi må bort frå halvhjarta tiltak. Etter mitt syn har vi svært kort tid på oss til å setja alle krefter inn og gjennomføra Putins mål: avnazifisering og avmilitarisering. Og, forresten, også avstraffing av gjerningsmennene bak tragedien i Odesa og forfølginga av russarar (...)

Trudde de at styrkane våre var svake? Ja, det er rett at vi handlar svært varsamt. Om lag 100 000 soldatar jobbar tolsamt med å utsletta den ukrainske hæren som er monaleg større i talet på menn. Om styrkane våre hadde følgt tilrådingane mine, ville vi ha nådd (Putins) mål på tre dagar. Men det ville ført til kolossale tapstal blant dei sivile ukrainarane.»

Det vert synt videoar av russiske soldatar som gjer klart militært utstyr.

Solovjov held fram: «Men dei russiske styrkane har valt ein annan strategi. Etter fråsegnene til general Rudskoj i går vart det tydeleg at for kvar russisk helt døyr ti nazistar (...) Ein eller annan nazist seier: Kvifor skrytte de (russarane) av at de ville ta Kyiv på 72 timar? Vi var framme i Kyiv den første natta, vi står 10 kilometer frå det kjende Moderland-monumentet. Å ta Kyiv eller ikkje, det er ikkje spørsmålet. Spørsmålet er kor mange sivile som kjem til å verte drepne av nazistane som dyttar dei framfor seg. (...) Vi er dei humane. Amerikanarane ville ikkje vist slik nåde.»

Russiske helikopter som sendar missilar rullar over skjermen.

20:20: Frykt for Vesten

Solovjov: «Dersom Vesten ynskjer å gå til krig mot oss, må dei ikkje vera i tvil om at vi kjem til å bruka heile det tilgjengelege arsenalet vårt fullt ut, om vi kjenner oss truga. Eg observerer korleis det vert spreidd informasjon om kor dårleg ditt og datt er, og korleis ting burde vore gjort. Alle som spreier slik informasjon på nett er deltakarar, og dei jobbar, friviljug eller ufriviljug, for fienden. Motstandaren vår er den anglosaksiske verda med sin ukrainsk-nazistiske neve. Vi er i krig med Vesten.»

Ein pressevideo med Igor Konasjenkov, pressetalsmann for det russiske forsvarsdepartementet, vert klipt inn. Konasjenkov oppsummerer frammarsjen til dei russiske styrkane i Ukraina og peikar på tala på ukrainske mål som er «likviderte». Innimellom kjem det bilete av eksplosjonar og raserte bygningar.

Konasjenkov avsluttar med følgjande sitat:

«I løpet av dei siste dagane har mange russiske innbyggjarar fått falske telefonoppringingar der ei automatisk røyst informerer om at Krigskommissariatet vervar nye rekruttar til styrkane. Eg strekar under at slike telefonoppringingar kjem frå Ukraina og er å rekna som ein provokasjon frå dei ukrainske spesialstyrkane. Det vert ikkje gjennomført ei rekruttering av russiske borgarar til reservestyrkane.»

Solovjov: «Sjølvsagt vert det ikkje gjennomført ei slik rekruttering. Eg synest det er naudsynt med ei avkommunisering av ukrainarar. Difor meiner eg at vi må ta alt fram til Transnistria. Vi må ta tilbake territoriet som ein gong vart gjeve av dei sovjetiske styresmaktene til Ukraina. Det som vil vera att av Ukraina, vil vera eit Ukraina utan tilgang til korkje Azovhavet eller Svartehavet. Dersom vi syner nokon slag veikskap, vil Kaliningrad, Kurilane (russisk øygruppe nord i Stillehavet, red.merk.) og fleire stader verte angripne. Vi kjem til å sjå korleis Vesten vil freista å annektera Vest-Russland. Vesten fører ein økonomisk krig som i røynda er ein blokade som vi ikkje har sett maken til i verdshistoria. Målet er å endra politikken i Russland, å utsletta Russland.»

20:40: Vestens undergang

Eit innslag tek føre seg gasskrisa i Europa som følgje av krigen i Ukraina. Solovjov understrekar at Europa ikkje kan erstatta den russiske gassen.

Solovjov: «Det vil seia at gass- og oljeprisane vil gå til vêrs. Det tyder at Vesten vil verta råka av fleire flyktningkriser. Ein trur at nesten 10 millionar ukrainarar vil flykta til Vesten. Deretter vil kontinentet verta råka av svolt, ettersom korkje Ukraina eller Russland vil kunne eksportera korn. Og det inneber at svoltne menneske i Nord-Afrika og Midtausten vil måtta flykta til Europa. Det vil seia endå 10 millionar flyktningar. Dei kjem til å sluka Europa. (...) I tillegg kjem vi til å sjå fleire politiske retningar veksa fram. For det første kjem vi til å sjå ei rask radikalisering av europearane og ein framgang for høgrepopulistiske parti. Tilhøvet til flyktningane vil verte svært spent. For det andre vil vi sjå framveksten av kalifat i Europa. For det tredje vil dei ulike bølgjene med politisk islam som kom med flyktningstraumane, sameine seg og vinna skredval for å endra lovene i dei europeiske landa. EU vil til slutt kollapse.

20:58: Luftåtak i Lvov

Sendinga går vidare til eit intervju med Viktor Baranets, krigskommentator i den russiske regimelojale avisa Komsomolskaja Pravda og tidlegare oberst.

Baranets: «Lviv er ikkje så langt frå grensa, der Biden skipar til eit billeg mediesirkus for å syne USAs støtte til Polen. Kjære vener, de som ser luftåtaka i Lviv, må vita følgjande: Ikkje ein einaste rakett eller ei einaste bombe fall på fredelege objekt. Det vi ser, er militære objekt. Vi gjekk dessutan fram på ein særs human måte. For eit par dagar sidan sende vi ei melding til arbeidarar ved flyfabrikken i Lviv om at dei kunne ta fri frå jobben nokre dagar og dra heim for å slappa av. Og det var då vi sleppte bombene.»

21:06: Donetsk og Mariupol

Sendinga held fram med eit intervju med presidenten for Folkerepublikken Donetsk, Denis Pusjilin.

Solovjov: «For ein flott Z du har der!»

Pusjilin fortel om utreinskinga av nazistar i Mariupol, særleg i Azvostal, den største stålfabrikken i Ukraina.

Solovjov: «Kvifor vert ikkje heile sulamitten bomba med spesielle bomber? Kvifor er de nede på bakken i Azvostal? Kvifor kan ein ikkje berre bruke dei bombene som ingen har klart å ta enno, dei der atombombene, Kinzjal-missilane våre? Det er jo ingen sivile att der borte. Ein kan jo berre gravleggje dei i Azvostal med bombene våre og gløyme at den staden nokon gong eksisterte.»

Pusjilin: «Vi har ein plan, Vladimir Rudolfovitsj (farsnamnet til Solovjov, nytta for å syne respekt, red.merk.). Det får vera opp til avdelingane våre her nede kva dei vel å gjera. Eg seier ikkje meir av frykt for å leggja for sterke føringar på styrkane våre.»

Solovjov avbryt: «Eg vil berre ikkje at gutane våre skal døy der nede. Dei er jo heltane våre.»

Intervjuet går vidare til å omhandla nazistane i Mariupol og strategien deira for å vinna terreng.

Pusjilin: «Kvar dag freistar fleire titals å koma seg ut av byen forkledde som sivile og kvinner. Det har vore fleire kuriøse tilfelle. Fleire av dei freistar til og med å koma seg til Russland, dei ynskjer å berga seg til kva pris som helst, men soldatane våre oppdagar dei og stoggar dei. Vi nyttar mesteparten av ressursane våre på å støtta dei sivile.»

Solovjov: «Det er interessant at kleda er plyndra av døde sivile.»

Pusjilin: «Det stemmer. Vi finn ofte militære uniformer forlatne i bustadblokker der dei har skifta klede.»

Solovjov: «Kor lang tid trur du det vil ta før Donetsk vinn attende territoriet sitt.»

Pusjilin: «Det vil skje svært snart.»

Solovjov: «Er det snakk om dagar?»

Pusjilin: «Truleg, ja.»

Solovjov: «Men eg ser at styrkane har byrja bruka skarpare artilleri (...). Det er godt å sjå at det vil vera mogleg å ta Mariupol attende, bit for bit, heim til moderlandet.»

Pusjilin: «Ja, gutane våre skjønar at det ville verte ein tøff kamp, at det ville verte vanskeleg. Men vi avanserer. Vi er på frammarsj. Vi har mista liv, det er krig, men vi går mot siger, vi vernar vår jord (...). Vi kjenner på eit samhald, og vi kjenner støtta frå russisk side. Folk støttar den russiske presidenten, dei russiske styrkane, og folk støttar Donbass.»

21:37: Kampen om Kyiv

Neste intervju i sendinga er med Telegram-bloggaren og krigskorrespondenten for «Komsomolskaja Pravda» Alexander Kotz. Sendinga viser videoar som Kotz har filma ved fronten i nærleiken av Kyiv og lagt ut på Telegram-kanalen sin, Kotsnews.

Solovjov: «Kva er det viktigaste målet med Kyiv-manøveren?

Kotz: «Altså, det ville jo ha vore underleg om russarane hadde bomba mor til alle russiske byar. Men eg skjønar at det finst døme frå den store fedrelandskrigen då Belgorod skifta hender tre gonger og vart råka av enorme øydeleggingar og store tapstal blant sivile. Slike byar var det mange av under krigen. Ei storming av Kyiv med alle våpentypane våre ville ført til ei kolossal humanitær katastrofe og enorme øydeleggingar. Førsteprioriteten akkurat no er difor å svekkja det ukrainske forsvaret ved å råka den militære infrastrukturen deira. Vi har høgpresisjonsvåpen med éin meter feilmargin.»

Vidare i intervjuet vert Solovjov nysgjerrig på korleis krigen vert rapportert i Ukraina.

Solovjov: «Kva er det Zelenskij stadig snakkar om når han seier at dei har den eine sigeren etter den andre? Vi høyrer jo ingen ting om dette. Kven er det han stadig sigrar over? Kva er det denne vesle mannen snakkar om?»

Kotz: «Dette er Ukrainas myter og legender. (...) Det finst mange av dei. Eg var saman med nokre russiske kommunikasjonsteknikarar. Her er det ikkje TV, men teknikarane hadde klart å peila inn ukrainsk TV. Eg har ikkje så mykje hår på hovudet, men eg har skjegg, og eg fekk ståpels av kva som vart sagt. For det første er sendingane bombarderte med trizuby (Trident-missilen som vert brukt i det ukrainske riksvåpenet). Han er overalt. Og for det andre vert det spydd ut eit sterkt hat til alt russisk. Dei meldar om, eller lyg om, at dei ukrainske styrkane har skote ned 195 russiske fly og 1000 russiske beltevogner og drepe titusenvis av russiske soldatar. Dette vert underbygd av ekspertar som lyg som berre det.»

Intervjuet vert avslutta med ei oppmoding frå Solovjov om å abonnera på Telegram-kanalen til Kotz, der ein vil finna «klingande sannferdig informasjon».

22:07: Polsk-russiske tilhøve

Solovjov har fått inn den russiske ambassadøren til Polen, Sergej Andrejev, til å ta del i eit intervju via videolink frå ambassaden. Solovjov fortel at han nyleg prata med pressetalskvinna for det russiske utanriksdepartementet, som kunne fortelja at ambassaden i Polen har det tøft under omstenda, med ei rad flyktningar frå Ukraina som søkjer hjelp til å koma seg til Russland.

Solovjov: «Korleis er situasjonen no? Snakkar vi om ei diplomatisk krise mellom Polen og Russland?»

Andrejev: «God kveld, Vladimir Rudolfovitsj. Lat oss ikkje overdriva. Det er dei russiske soldatane i Ukraina som har det tøft. Det er tøft i andre militære konfliktar i verda. Polen er trass alt eit fredeleg land, og vi jobbar under fredelege omstende. Eg veit kva eg snakkar om. Eg har tidlegare jobba åtte år i Afrika medan det var krig.»

Solovjov: «Ja, du har noko å samanlikna med. Opplever dei tilsette ved ambassaden eller du sjikane? Vert ambassaden utsett for provokasjonar, særleg under besøket frå Nato og av Biden i Polen?»

Andrejev: «Det har alltid vore ein del press og sjikane på ambassaden. Vi er vortne vande med det. (...) Eg synest berre det er leitt at 45 av diplomatane mine må forlata ambassaden. Dei må forlata landet innan måndag.»

Solovjov spelar av eit lydopptak av eit intervju med den tidlegare kommandanten for dei polske bakkestyrkane, som hevdar at Kaliningrad har vore under russisk okkupasjon sidan 1945, og at enklaven eigentleg tilhøyrer Preussen og Polen.

Solovjov: «Er dette galskap? Eller er det eit vanleg syn blant den politiske eliten i Polen?»

Andrejev: «Det er ein tradisjon. Dei polske generalane elskar å babla om mange ulike ting for å trekkja til seg merksemd og syna at det framleis er krut i dei. Kva kan ein gjera med det?»

22:34: Er apokalypsen nær?

Kveldens siste intervju er med Dimitri Simes, ein russisk-amerikanar som leier tenkjetanken Center for the National Interest i Washington D.C.

Solovjov: «Eg må med mi djupaste otte konstatera at eg, som hadde eit inntrykk av at tilhøvet mellom Russland og USA ikkje kunne verte verre, er redd for at vi ser konturane av ein apokalypse. Eg vert ikkje forundra om det eskalerer til det aller verste – ein atomkrig.»

Simes: «Takk for at eg fekk koma. (...) Når det gjeld trugsmålet om ein atomkrig: Dersom det finst atomvåpen, dersom det finst definerte motstandarar, dersom det finst ein interessemotsetnad, og dersom det er sterke kjensler i sving, negative kjensler, i båe leirar, dersom det er fullstendig mangel på tillit til den andre, og dersom alle spelereglane er kasta av bordet, så snakkar vi om ein situasjon som sjølvsagt vekkjer stor uro. (...).»

22.59: Avslutting

Etter ei tre timar lang sending rundar Solovjov av: «Det var alt vi hadde for i kveld. Hugs å abonnere på Telegram-kanalen min. Der vil du alltid vere oppdatert! Takk for at de var med oss i kveld.»

Omsett av Daniella Slabinski

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Fleire artiklar

Ludmila Shabelnyk syner bilete av sonen Ivan i landsbyen Kapitolivka ved Izium i Ukraina, 25. september 2022. Russiske okkupasjonsstyrkar mishandla Ivan grovt før dei drap han. Landsbyen vart seinare gjenerobra av ukrainske styrkar.

Foto: Evgeniy Maloletka / AP / NTB

KommentarSamfunn

Overgrep som skakar folkeretten

Okkupasjonsmakta Russland viser ingen respekt for konvensjonen som skal verne sivile i krig.

Cecilie Hellestveit

Nana rise-Lynum er redaktør i Norsk Barneblad.

Foto: Per Anders Todal

Kultur
Hilde Vesaas

Å gi barn det dei ikkje veit at dei vil ha

Norsk Barneblad vart skipa i 1887 og har kome ut kvart år sidan. Sist helg fekk Nana Rise-Lynum Målprisen frå Noregs Mållag for innsatsen som redaktør.

Kina fyrer på alle sylindrane: Ingen bygger ut så mykje kolkraft som kinesarane gjer. Biletet viser eit kolkraftverk i Dingzhou  i Hebei-provinsen.

Foto: Ng Han Guan / AP / NTB

Samfunn
Per Anders Todal

Ein straum av problem

Straumforbruket i verda aukar framleis raskare enn fornybar kraftproduksjon. Kolkraftverk skal varme kloden i mange år enno.

Den såkalla hysjpengesaka mot Donald Trump er inne i andre veke i retten i New York.

Illustrasjon: Jane Rosenberg / Reuters

Samfunn
Eva Aalberg Undheim

Høgt spel i New York

Straffesaka som no går føre seg mot Trump, er den han har størst sjanse til å verte frikjend i. Og vert han det, kan saka òg gje han fleire veljarar, seier kommentator Jan Arild Snoen.

Sveinung Lindaas har gått ut av styret i Dag og Tid.

Foto: Tiril Rem

Samfunn

Takk til Sveinung

Sveinung Lindaas går av som styreleiar i Dag og Tid etter 11 år som leiar og 17 år som nestleiar før det att.

Svein Gjerdåker

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis