Vi drep dei små hjelparane våre
Spørsmålet blir stilt både i nord og sør: Kor blir insekta av?
Ein døyande monarksommarfugl i Piedra Herrada, Mexico, fotografert i 2015. Fallet i bestanden av den vakre monarken har fått mykje merksemd i USA, men insektdøden er no eit alvorleg fenomen som ikkje handlar om einskildartar, men om volum.
Foto: Rebecca Blackwell / AP / NTB scanpix
Insekta har vore ein pest og ei plage for menneska gjennom det meste av historia. Insekt kan suge blod, spreie sjukdom, gnage sund husa våre og ete opp avlingane for oss. Men naturen klarer seg ikkje utan dei. Og dermed klarer ikkje vi menneske oss utan dei heller.
Dei siste åra har det kome stadig fleire illevarslande studiar om utviklinga til insektbestandane i verda, og storaviser i USA og Europa har publisert ei rekkje artiklar om «insekt-apokalypse» og «insekt-armageddon».
At svært mange insektbestandar går attende, og at ei rekkje insektartar er utrydda eller nær utrydding, er det solid vitskapleg belegg for. Det gjeld òg nokre av dei mest ikoniske insekta: I Nord-Amerika har bestanden av monarksommarfuglen – som er vakker nok til å utløyse store forskingsmidlar til overvaking – minka med kring 90 prosent dei siste 20 åra, synte ein studie frå USA i fjor. Men den nye uroa handlar ikkje om truga einskildartar: Det er totalmengda av insekt som ser ut til å falle raskt mange stader i verda. Og dette gjev grunn til uro for langt fleire enn insektentusiastane.
Reine frontruter
Mange av dei populærvitskaplege artiklane om insektdøden viser til personlege observasjonar: I Storbritannia saknar folk sommarfuglane i hagane sine, og mange hevdar at færre insekt enn før smell mot bilrutene når ein køyrer på landsbygda i Danmark eller USA. Så utbreidd er den siste observasjonen at insektforskarane kallar opplevinga for «frontrutefenomenet».
Men dette er ikkje vitskap. Den naturlege variasjonen til insektbestandar kan vere enorm frå år til år. Om ein skal seie noko om utviklingstrendar, treng ein skikkelege tidsseriar, og slike finst det sørgjeleg få av. Det er ein krevjande jobb å utføre systematisk, årleg teljing av insekt i eit gjeve område, og inntil nyleg har få sett behovet for å gjere noko slikt.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.