– Vi bør ikkje gje til tiggarar
– Kvifor skal vi hjelpe akkurat dei som har ressursar nok til å reise, og ikkje dei som måtte bli att i heimlandet?
Noreg førebur seg på eit storinntrykk av romfolk. I fjor var det om lag to tusen romfolk berre i Oslo. I år blir det truleg mange fleire. Mange kjem til Noreg for å tigge. Innrykket skaper debatt. Anlov P. Mathiesen, redaktør for magasinet «Erlik Norge», som representerer norske tiggarar, likar ikkje konkurransen frå romfolket og vil ha tiggeforbod som ei prøveordning. Bjønnulv Evenrud, redaktør for «Folk er folk», kallar framlegget undertrykkjing av dei fattige.
Forskar i etikk ved Universitetet i Oslo Ole Martin Moen har fylgt med på ordskifta om tigging. Han saknar eit vidare perspektiv i debatten.
–?Arbeid heller enn å tigge! – tenkjer mange når dei ser ein tiggar. Vi kan synast slike kyniske argument er brutale, men dei har faktisk noko for seg. Når vi gjev til tiggarar, gjer vi tigging meir lukrativt og arbeid mindre lukrativt. Det er uheldig, for arbeid er produktivt, tigging uproduktivt, så det er betre for alle at dei som kan arbeide, arbeider.
–?Men dei utanlandske tiggarane er svært fattige. Er det ikkje betre å gje til dei enn til nordmenn med tilgang til velferdsgode?
–?Jau, litt betre. Nordmenn som tigg, har tilgang til velferdsgode og har ofte fått utdanning og sjansar som millionar av menneske i verda berre kan drøyme om. Er det då dei som fortener hjelpa vår mest? Men vi må òg hugse på at dei utanlandske tiggarane på gata i norske byar i global samanheng er overraskande ressurssterke: Dei greidde å reise hit, og då må vi spørje oss sjølve: Kvifor skal vi hjelpe akkurat dei som har ressursar nok til å reise, og ikkje dei som var så fattige at dei måtte bli att i heimlandet?
–?Du bed oss altså handle etter ein gjennomtenkt plan. Er det ikkje vanskeleg når vi emosjonelt blir rivne med av tiggarar med bilete av den lutfattige son eller dotter si?
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.